Biblioteklandskap i endring – sluttrapport fra Hordaland fylkesbibliotek

Fylkesbiblioteket ønsket i samarbeid med staten og kommunane å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek i fylket som tilbyr alle innbyggjarane betre bibliotektenester. Hovedinnhaldet i det treårige prosjektet (2011-2013) har vore kompetanseheving, utvikling av modellar, infrastruktur og stimulering av kreativitet og nytenkning.

Foto: Håvard Hole / Biblioteka i vest

Den viktigaste strategien har vore å styrke samarbeidet mellom fylkesbiblioteket og dei fem regionale biblioteksamarbeida i fylket. 30 av 33 kommunar har vore med frå starten av prosjektet og Nasjonalbiblioteket har støtta prosjektet med 1,4 millionar.

Prosjektet har endra biblioteklandskapet i Hordaland. Samarbeida har konstituert og konsolidert bibliotekregionar. Mellom anna har biblioteka som er med har fått ein felles identitet. Biblioteksamarbeida har vorte tette faglege nettverk og einingar som opererer heilskapleg mot eigarar og publikum.

Les meir i sluttrapporten og om Biblioteklandskap i endring

Resultat frå Biblioteklandskap i endring er grunnlaget for det nye prosjektet Sterk, spenstig og klar som har fått kr 600 000 frå Nasjonalbiblioteket i 2014.

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2012 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.