Arkivdagen 2013 – 9. november
09. november 2013
Av: Rebecca Boxler Ødegaard
 

9. november er arkivdagen i heile Norden. Arkivinstitusjonar opnar då dørene sine for publikum. Ein kan kome inn i magasin, høyre foredrag eller besøke utstillingar som viser dokument og bilete dei fleste aldri før har sett.  Tema for dagen er stemmer – sjølvsagt i eit år der vi feirer stemmeretten og det norske språkmangfaldet. Sjå kulturrådets sider for meir informasjon.

Arkiv er dokumentasjon og stemme på same tid. I Nasjonalbiblioteket kan ein til dømes studere kampen for stemmerett ved å dykke ned i store organisasjonsarkiv, mellom anna frå kvinnesaksorganisasjonar som kjempa for allmenn røysterett, eller ein kan få eit inntrykk av språkkampen ved å lese brev frå Ivar Aasen, studere notat skrivne av skulemannen Knud Knudsen eller manuskript om riksmålssaka etter André Bjerke. Ein kan òg sjå samlingar av bilete av dei som gjekk føre, og trykte pamflettar frå alle aktørane.

Små og store arkiv inneheld millionar av stemmer frå fortida. Dei gjer dessutan eit inntrykk av korleis norsk språk blei brukt til ulike tider. Det er berre fantasien som set grenser for kva for informasjon ein kan leite fram frå arkiva.

I 2013 feirar vi også at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Han etterlet seg eit innhaldsrikt arkiv som blei overført til Nasjonalbiblioteket etter hans død. Nasjonalbiblioteket markerer arkivdagen med eit halvdagsseminar omsystematikaren Ivar Aasen onsdag 13. november: Ivar Aasen – System i blomst. Her kan ein høyre på foredrag om privatpersonen, botanikaren og språkmannen Ivar Aasen i tillegg til at ein kan sjå materiale frå Nasjonalbibliotekets rikhaldige samling, deriblant eit utval frå Aasens etterlatne papir med hans originale handskrift i manuskript og dagbøker.

Meir informasjon

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2011 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.