130 kommunar deltek i redningsaksjon for flyfoto

Til no har 130 kommunar stadfesta at dei vil la Nasjonalbiblioteket overta ansvaret med å ta vare på skråfotografia frå Widerøe. Etter avtalene som er gjorde, får Nasjonalbiblioteket ansvar for meir enn 75 000 fotografi alt i alt.

Nasjonalbiblioteket har teke på seg oppgåva med å ta vare på originalmaterialet, digitalisere det og gjere det tilgjengeleg for ålmenta. Kommunane vil òg kunne laste ned bileta dei har levert inn.
– Responsen vi har fått frå kommunane, har vore særs positiv, seier seksjonsleiar hos Nasjonalbiblioteket, Arthur Tennøe. – Men framleis er det mange som ikkje har svart, og vi forventar at endå fleire vil nytte seg av høvet til å få teke vare på og formidla dette verdifulle materialet, påpeikar Tennøe.

Biletet syner plakaten som Nasjonalbiblioteket har laga til folkebiblioteka for å informere om flyfotoaksjonen, og flyfoto som Widerøe Flyveselskap har tatt frå Berlevåg, Engerdal, Lødingen og Lurøy.

Digitaliserte flyfoto
4000 bilete frå til saman elleve kommunar er allereie blitt digitaliserte og lagde ut på nb.no. Eit oversyn over desse, og kva kommunar det er gjort avtalar med, er tilgjengeleg på ei eiga nettside . Størsteparten av materialet er fotografi i svart-kvitt frå 1950-talet, og fargefotografi frå 1960-talet. Bileta syner enkelteigedomar, husklyngjer, tettstader og bygdesentrum omgjevne av mektig natur, fjell, fjord og hav. Geografisk spenner dei frå Berlevåg i nord og Kvinesdal i sør, til Sveio i vest og Engerdal i aust.
– Fotografia inneheld ei uendeleg mengd med informasjon, og ein kan zoome inn på alle detaljar, fortel Arthur Tennøe. Publikum vert inviterte til å gje tilbakemeldingar med informasjon om dei einskilde bileta. – Nasjonalbiblioteket ønskjer å samle inn så mykje som mogleg av den lokale kunnskapen som finst om bileta. Vi oppmodar difor enkeltpersonar, lokalhistoriske lag og andre til å gå inn og sjå på bileta, og bidra med informasjon om nøyaktig kvar eit bilete vart teke, stadnamn og historiske opplysningar om motiva, seier Tennøe.

Samarbeid med folkebiblioteka
Nasjonalbiblioteket ønskjer å trekkje inn dei lokale folkebiblioteka i arbeidet med å samle informasjon om motiva på flyfotoa etter kvart som bileta frå dei einskilde kommunane vert digitaliserte. Det har blitt laga ein eigen informasjonsplakat om flyfotoaksjonen som skal henge rundt om på biblioteka. Denne veka vart prosjektet presentert på Bibliotekmøtet i Trondheim.

Arbeidet med å ta vare på og formidle flyfotografia er ein langsiktig prosess som kjem til å gå over mange år.

Om flyfotoaksjonen
I 1970 selde Widerøe skråfotoarkivet sitt med ca. 315 000 negativar og prøvekopiar. Alle norske kommunar fekk tilbod om å kjøpe flyfoto frå sine respektive geografiske område. Frå eit kulturhistorisk og bevaringsmessig perspektiv har oppstykkinga av arkivet vist seg å vere uheldig. Fleire offentlege fotoarkiv har difor teke initiativ til eit prosjekt for sentralisert bevaring og formidling av arkivet. Prosjektet er støtta av Norsk kulturråd. Som ein del av prosjektet tilbyr Nasjonalbiblioteket seg å overta bevaringsansvaret for originalmaterialet. Digitaliseringa som Nasjonalbiblioteket utfører, legg grunnlaget for vidare bruk på nasjonalt og lokalt plan.

samlingen nettsidene
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2011 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.