Taledatabasar

Denne sida inneheld informasjon om og lenkjer for nedlasting av taledatabasar som Språkbanken distribuerer.

.

Akustisk-fonetisk taledatabase for norsk - del I - 2013-11-08

Denne taledatabasen inneheld opptak av 240 talarar fordelte på 12 dialektregionar. Kvar talar har lese inn 20 setningar. Databasen er produsert av Lingit AS i Trondheim.

Teknisk og praktisk informasjon om databasen ligg saman med distribusjonen på lenkja under. Les dette dokumentet (pdf) for ein kortfatta introduksjon til denne ressursen.

Del II av databasen - som inneheld opptak av 120 talarar med norsk som andrespråk og ei kontrollgruppe på 20 talarar med norsk som førstespråk - vert levert Nasjonalbiblioteket hausten 2014.

.

Taledatabasar for norsk, opphavleg produsert av NST

Delvis på grunn av det store volumet er materialet splitta opp. Dei ulike arkiva reflekterer i nokon grad også naturlege einingar (deldatabasar).

Alle taledatabasane vart opphavleg produserte av Nordisk språkteknologi holding AS (NST). Dei kan nyttast fritt til alle språkteknologiske føremål.

Spørsmål og attendemeldingar i samband med desse databasane kan sendast til sprakbanken@nb.no .

Taledatabasar for svensk, opphavleg produsert av NST

Taledatabasar for dansk, opphavleg produsert av NST

samlingen nettsidene