Språkbankens råd

.

Nasjonalbiblioteket har oppretta eit fagleg råd som skal sikre at Språkbanken er i kontinuerleg kontakt og dialog med ulike aktørar i marknaden og fagmiljøa.

Mandatet til rådet er å vere ein arena som syter for informasjonsutveksling mellom relevante institusjonar og aktørar. Rådet skal slik bidra til å kartleggje brukarbehov, til å prioritere mellom desse behova, og det skal ha ein strategisk og fagleg retningsgjevande funksjon i spørsmål om vidareutvikling og utbygging av Språkbanken. Rådet skal òg sikre at Språkbanken vert bygd ut i tråd med rådande språkpolitiske føringar. Sjå heile mandatet .

Rådet er samansett av representantar frå universiteta i Bergen, Oslo og Tromsø, Companybook, Noregs Handelshøgskule, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (Trondheim), Noregs forskingsråd, Telenor, IBM og Språkrådet, samt ein representant for Nasjonalbiblioteket. Medlemmene er:

  • Companybook: Fredrik Jørgensen
  • IBM: Roar Fundingsrud
  • Nasjonalbiblioteket: Jon Arild Olsen
  • Noregs Handelshøgskule: Marita Kristiansen
  • Noregs forskingsråd: Siri Lader Bruhn
  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet: Torbjørn Svendsen
  • Språkrådet: Nina Teigland
  • Telenor: Knut Kvale
  • Universitetet i Bergen: Victoria Rosén
  • Universitetet i Oslo: Janne Bondi Johannessen
  • Universitetet i Tromsø: Trond Trosterud

Rådet vil møtast minst to gonger i året.

samlingen nettsidene