Forskingsdagane

Språk + teknologi = sant!

I samarbeid med Norsk Ordbok 2014 deltek Språkbanken på Forskingstorget i Oslo 21.-22. september.

Forskingstorget vert arrangert i samband med Forskingsdagane og er eit stort kunnskapstorg med utstillingar og aktivitetar som passar for nysgjerrige i alle aldrar. Språkbanken og NO2014 bidreg med desse aktivitetane:

  • Bokstavterningspel!
    • Kom og spel med bokstavterningar som i Amigo Grande! Kor mange ord klarer du? Med språkteknologi er det lett å kåre vinnarane!
  • Lag di eiga ordbok!
    • Bli med i den viktige dokumentasjonen av norske dialektar gjennom å levere ord frå eige talemål til språkforskarane. Vi legg inn orda dine i ordbokdatabasen, og du får med deg ei utskrift heim i ekte ordbokformat!
  • Norsk ordnett
     
    • Sjå ei visualisering av Norsk ordnett, ei maskinleseleg ordbok der orda ikkje er organisert alfabetisk, men etter tyding.
    • NB! Dette er ein betaversjon som inneheld feil, og han er ikkje sjølvforklarande.

I tillegg til desse fire hovudaktivitetane er det mykje anna å sjå på – og sjølvsagt kan de få utfyllande informasjon om både Språkbanken og NO2014!

Les meir om arrangementet og om NO2014 på lenkjene under:

samlingen nettsidene