Bakgrunn og mål

.

Kontakt:
Språkbanken

I Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk (Stortingsmelding 35, 2007-2008) signaliserte regjeringa at ho ønskte å etablere ein norsk språkbank.

På oppdrag frå Kulturdepartementet utarbeidde ei arbeidsgruppe nedsett av Språkrådet i 2008 ein plan for etablering av Språkbanken. I 2009 vart spørsmålet om organisasjons- og tilknytingsform nærare greidd ut, og Nasjonalbiblioteket fekk oppdraget med å realisere Språkbanken.

I Mål og meining vert dei overordna måla med Språkbanken uttrykte. Han skal byggje opp og kvalitetssikre norske digitale språkressursar og sørgje for at dei vert tilgjengeleggjorde. Slik skal Språkbanken leggje til rette for nærings- og teknologiutvikling, forsking og undervisning, og effektivisering av forvaltninga. Ikkje minst er Språkbanken eit viktig språkpolitisk tiltak for å sikre at språkteknologiske produkt vert utvikla på grunnlag av norsk språk. I Mål og meining er Språkbanken eit høgt prioritert tiltak for å styrkje norsk språk (sjå kap. 7.5):

Behovet for ein språkbank vart peikt på alt på 90-talet. Førebuande utgreiingar er gjorde i fleire omgangar. Relevante dokument er:

samlingen nettsidene