Forskarplassar

Forskarplassane som biblioteket tilbyr, er tilknytta lesesalen i Henrik Ibsens gate 110.
Fristen for å søkje forskarplass i høstsemesteret 2013 er 1. juli
Plassane vert tildelte for inntil eit halvt år om gongen, 1. desember og 1. juli.

Søknadsskjema
Du kan òg hente skjema i resepsjonen i 1. etasje.

Forskarplassane vert tildelte til:

  • Brukarar som i lengre periodar arbeider vitskapleg med bibliotekmaterialet.
  • Brukarar som har skriveoppdrag for forlag/utgjevarar, eller som på andre måtar arbeider profesjonelt med bibliotekmaterialet.

Reglar for bruk:

  • Brukaren må nytte plassen jamleg, vanlegvis minst éin gong i veka.
  • Dersom brukaren skal vere vekke frå plassen over lengre tid, må biblioteket få beskjed om dette.
  • Brukaren må nytte seg av bibliotekmaterialet.
  • Brukaren får lov til å låne utover vanleg lånetid på forskarplassen.
  • Brukaren har tilgong til biblioteknettverket via eigen PC.
  • Plassen er tilgjengeleg for bruk i opningstidene til biblioteket.
  • Det vert utdelt nøkkel til forskarkontora, men bibliotekpersonalet har rett til å låse seg inn for å hente nødvendig materiale dersom brukaren ikkje er til stades.
  • Brukaren må nytte tildelt nøkkelkort for å kome seg inn på forskarlesarsalen. Brukaren får disponere eige skap med lås ved plassen.
samlingen nettsidene