Seminar i Nasjonalbiblioteket: Ut i verda. Kjartan Fløgstad 70 år

Kjartan Fløgstad fyller 70 år, og Nasjonalbiblioteket tjuvstartar feiringa med eit seminar om forfattarskapen hans, onsdag 14. mai. To av dei som skal halde føredrag, er Dag Solstad og Marit Eikemo. Jubilanten får dessutan presentert resultatet av jakta på den ultimate fløgstadske setninga.

Kjartan Fløgstad er ein av dei viktigaste forfattarane våre, og ein av dei få som har skildra brytingane mellom industrikultur, marknadsliberalisme og informasjonssamfunn. Gjennom skjønnlitteraturen og sakprosaen sin har han skrive Noreg inn i verda, og verda inn i Noreg.

Sidan han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968, har Fløgstad skrive et førtitals bøker. Nasjonalbiblioteket har digitalisert heile forfattarskapen hans , og nytta moderne digitale verktøy i jakta på den ultimate fløgstadske setninga.

Nasjonalbiblioteket har i tillegg laga ei plakatutstilling om forfattarskapen til Fløgstad. Plakatane vert tilbodne gratis til alle folkebibliotek, fag- og forskingsbibliotek i landet som ønskjer å setje fokus på Fløgstad i høve 70-årsdagen hans 7. juni.

Seminar: Ut i verda. Kjartan Fløgstad 70 år
Stad: Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate 110, Oslo
Tid: Onsdag 14. mai kl. 12.00–15.15

Program:

12.00   Registrering
12.30   Velkomst ved konstituert nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold
12:40   Dag Solstad: Kort hilsen. Fra Dag Solstad til Kjartan Fløgstad    
13:10   Marius Wulfsberg:  Ut i verden. Fra Sauda til Sør-Amerika 
13.40   Kaffipause
14:10   Marit Eikemo: Forlatne utopiar 
14:40   Lars Johnsen og Trond Haugen: Inn i språket. På jakt etter Fløgstads egenart       

Viss du vil vite meir eller melde deg på, kontaktar du:
Forskingsbibliotekar Marius Wulfsberg, e-post: marius.wulfsberg@nb.no , tlf.: 23 27 61 14, mobil: 958 10 473
Forskingsbibliotekar Trond Haugen, e-post: trond.haugen@nb.no , tlf.: 23 27 60 45, mobil: 986 66 927
Presseansvarleg Nina Bræin, e-post: nina.brain@nb.no , tlf.: 23 27 62 14, mobil: 951 50 912

samlingen nettsidene