Pressemelding/invitasjon: Utstillingsopning - Leve språket!

Leve språket!
Nasjonalbiblioteket torsdag 26. september kl. 11.00

På Den europeiske språkdagen 26. september i Språkåret 2013 opnar Nasjonalbiblioteket utstillinga Leve språket!

– Vi gler oss til å opne utstillinga Leve språket!, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein.

– Heile Språkåret 2013 har Nasjonalbiblioteket jobba med å dokumentere kva for språk som vert brukte i Noreg i dag, mellom anna gjennom konkurransen Språk i ditt liv. No ser vi fram til å vise dette språklege mangfaldet under utstillinga, seier nasjonalbibliotekaren.

 Leve språket! er den første utstillinga Nasjonalbiblioteket har laga som rettar seg spesielt mot barn og unge, noko som vil prege utstillingsopninga.

 Ei referansegruppe med ungdomar frå Fyrstikkalleen skole har hjelpt Nasjonalbiblioteket i arbeidet med å planleggje utstillinga. – Referansegruppa har vore til stor hjelp for oss, og det er difor spesielt hyggjeleg at det er desse ungdomane som opnar utstillinga, seier Vigdis Moe Skarstein.

Ungdomsbandet Fixation kjem òg til opninga. Bandet består av elevar frå Greveskogen videregående skole, som vann klassa si i Nasjonalbibliotekets språkkonkurranse. – Fixation spelte da premiane vart overrekte på Greveskogen i mai, og vi vart så oppglødde at vi booka dei sporenstreks, fortel nasjonalbibliotekaren. – Det vert stas å høyre dei spele her i Nasjonalbiblioteket!

Utstillinga skal formidle språklege overraskingar og nye tankar om kva språk er og kan vere. Ho vil vise døme på språk i si fulle breidde – alt frå norsk, samisk, teiknspråk og urdu til talespråk, skriftspråk og kroppsspråk. Utstillinga vil òg seie litt om korleis språket har utvikla seg. Vinnarbidraga frå Nasjonalbibliotekets språkkonkurranse, der elevar i alle aldrar frå barneskule til vidaregåande dokumenterte dei ulike språka og dialektane dei møter i kvardagen, vert òg presenterte på utstillinga.

I samband med Språkåret 2013 har Nasjonalbiblioteket utarbeidd særskilte tilbod til bibliotek og skular rundt omkring i landet, som mange nyttar seg av:

  • Det er ei ressursside med studieopplegg for grunnskule og vidaregåande skule på nb.no (tilgjengeleg når utstillinga er opna).
  • Alle forskings- og folkebiblioteka i landet har fått tilbod om ei plakatutstilling.

Utstillinga Leve språket! vert vist i Nasjonalbiblioteket ut året.

Utstillinga vil vere tilgjengeleg for pressevisingar onsdag 25. september etter avtale med presseansvarleg.

Om språkkonkurransen
Mellom 80 bidrag frå elevar over heile landet vart det kåra tre vinnarar i konkurransen Språk i ditt liv. Alle dei tre vinnarbidragafrå høvesvis barnetrinnet, mellomtrinnet og vidaregåande skule er med i utstillinga Leve språket!.
Konkurransen har vore eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket, Språkåret 2013 og dei nasjonale sentera for fleirkulturell opplæring, framandspråk, matematikk, nynorsk og samisk.

Du finn meir informasjon om konkurransen her: http://www.nb.no/utstillinger/sprak/ .

Bilete frå språkkonkurransen:
http://www.nb.no/Presse/For-presse/Pressebilder/Foto-Spraakaaret

For ytterlegare informasjon, kontakt:

  • Seniorrådgivar Johanne Ostad, e-post:
    johanne.ostad@nb.no , telefon: 23 27 62 27, mobil: 905 52 758
  • Presseansvarleg Nina Bræin, e-post:
    nina.brain@nb.no , telefon: 23 27 62 14, mobil: 951 50 912
samlingen nettsidene