Pressemelding: Litteraturklassikarar som e-bøker frå Nasjonalbiblioteket

For å auke tilbodet av e-bøker gjer Nasjonalbiblioteket 38 titlar frå den norske litteraturarven tilgjengeleg i ePub-format.

Litteraturklassikarar som e-bøker frå Nasjonalbiblioteket For å auke tilbodet av e-bøker gjer Nasjonalbiblioteket 38 titlar frå den norske litteraturarven tilgjengeleg i ePub-format. Ingen av titlane er tidlegare gjevne ut som e-bøker. – I løpet av våren vil Nasjonalbiblioteket leggje ut til saman 100 titlar som e-bøker, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein. – Bøkene kan leggjast inn i biblioteksystema for utlån. Dette inneber ein auke i tilgangen til e-bøker i norske bibliotek, og kan vere med på skape større merksemd rundt verk som i dag kanskje er gløymde.

Utvalet femnar vidt både når det gjeld tid og sjanger, og omfattar sakprosa og skjønnlitteratur frå midten av 1700-talet fram til byrjinga av førre hundreår.

– Vi har valt ut klassiske romanar, drama, novelle- og diktsamlingar, reiseskildringar og memoarlitteratur. Eit knippe eventyr og barnelitteratur er også med. Til saman blir det eit breitt utval frå norsk litteraturarv, seier nasjonalbibliotekaren.

Ein har lagt vekt på at utvalet skal innehalde sentrale titlar på begge målformene og at både kvinnelege og mannlege forfattarar skal vere representerte. Omsynet til lesbarheit for eit moderne publikum har vidare vore eit viktig kriterium i valet mellom ulike utgåver. Blant forfattarane som er representerte, finn vi Camilla Collett, Hulda Garborg, Henrik Ibsen, Hans Jæger, Aasta Hansteen og Ivar Aasen.

I tillegg til kjende og kanoniserte verk har det blitt teke med titlar som få i dag kjenner til. Verka omfattar eitt av dei viktigaste tidsdokumenta våre frå tida rundt 1814, Christiane Korens «Moer Korens» dagbøker i to bind. Vi finn også Ludvig Holbergs Niels Klims Underjordiske Reise, som kan kallast den første science fiction-romanen i noregshistoria, og vår største dekadanseroman, Mod Kvæld, av Tryggve Andersen. Fritjof Nansens Paa Ski over Grønland og Stein Rivertons klassiske kriminalroman Mysteriet på Bergensbanen har også fått plass i samlinga.

E-bøkene er tilgjengelege i ePub-format på www.nb.no/ebok, og det vil etter kvart vere mogleg å søkje etter dei også i utlånssystema til biblioteka. E-bøker frå Nasjonalbiblioteket:

Tryggve Andersen: Mod Kvæld
Olaf Bull: Digte
Camilla Collett: I de lange Nætter
Camilla Collett: Optegnelser fra Ungdomsaarene
Nils Collett Vogt: Fra vaar til høst
Hulda Garborg: Rationelt fjøsstell
Hulda Garborg: Kvinden skabt af manden
Maurits Christopher Hansen: Noveller
Aasta Hansteen: Kvinden skabt i Guds Billede
Ludvig Holberg: Den Stundesløse
Ludvig Holberg: Niels Klims Underjordiske Reise
Henrik Ibsen: Når vi døde vågner
Henrik Ibsen: Samfundets Støtter
Hans Jæger: Syk kjærlihet
Ragnhild Jølsen: Ve's mor
Hans E. Kinck: Sneskavlen brast, del 1, 2 og 3
Hans E. Kinck: Trækfugle
Bernt Lie: Peter Napoleon
Bernt Lie: Svend Bidevind
Christiane Koren: "Moer Korens" dagbøger, bind 1 og 2
Rasmus Løland: Det store nashornet
Rasmus Løland: Kvitebjørnen
Antoinette Mayn: Stadier: en Penneskitse
Fritjof Nansen: Paa Ski over Grønland
Rudolf Nilsen: På gjensyn: dikte
Regine Normann: Eventyr
Regine Normann: Nye eventyr
Sigrun Okkenhaug: Den vene skåla
Stein Riverton: Mysteriet på Bergensbanen
Nini Roll Anker: Den som henger i en tråd
Nini Roll Anker: Det svake kjønn
Henrik Wergeland: Hassel-Nødder
Hanna Winsnes: Aftnene på Ekelund
Dikken Zwilgmeyer: Vi børn
Ivar Aasen: Ervingen

For ytterligere informasjon, kontakt:
Seksjonsleder Hege Stensrud Høsøien, e-post: hege.hosoien@nb.no , telefon: 23 27 61 68, mobil: 928 55 122
Presseansvarlig Nina Bræin, e-post: nina.brain@nb.no , telefon: 23 27 62 14, mobil: 951 50 912

samlingen nettsidene