Lanseringsseminar i Nasjonalbiblioteket: Ny nettportal: Statsmaktene

I samband med grunnlovsjubileet lanserer Nasjonalbiblioteket ein eigen inngang til digitalt materiale knytta til Stortinget, regjeringa og domstolane. Portalen vil gjere materialet lettare tilgjengeleg både for forskarar og den interesserte ålmenta.

Stortingsarkivet og Nasjonalbiblioteket har tidlegare gjennomført eit stort samarbeidsprosjekt om digitalisering av Stortingsforhandlingane. Det dreier seg her om alle trykte dokument frå Riksforsamlinga i 1814 til vårsesjonen 2001 – i alt 2,4 millionar sider.

Dette materialet, som Stortinget tidlegare har lagt ut på nett, vert no også tilgjengeleg i ein eigen portal på nettsidene til Nasjonalbiblioteket. Ein finn her ikkje berre Stortingsforhandlingane, men òg andre relaterte dokument.

– Etter forslag frå ulike fagmiljø har Nasjonalbiblioteket i tillegg digitalisert og lagt ut anna relevant materiale på denne portalen. Dette gjeld blant anna offisielle granskingar i Noreg, aktuell støttelitteratur og ikkje-offisielle register over materialet, fortel seksjonsleiar i Nasjonalbiblioteket Svein Arne Brygfjeld.

Dei to portalane har ulike inngangar til materialet. Medan Stortinget har valt å strukturere innhaldet etter hovudregistra, nyttar Nasjonalbiblioteket navigatorar, og tilbyr fulltekstsøk.

Forskingsbibliotekar i Nasjonalbiblioteket Ruth Hemstad meiner at dei to nettportalane utfyller kvarandre.

– Kombinasjonen av søkjemetodane som Stortinget og Nasjonalbiblioteket tilbyr, opnar heilt nye moglegheiter når det gjeld forsking på historia til Stortinget spesielt og norsk politisk historie etter 1814 generelt, seier Ruth Hemstad. – Dette omfattande og til dels uoversiktlege materialet har no vorte lettare tilgjengeleg både for forskarar, biblioteka og den interesserte ålmenta, påpeikar Hemstad.

Tilfanget av aktuelt materiale kjem til å auke etter kvart som fleire dokument vert digitaliserte og lagt ut i tenesta.

 

Lanseringsseminar: Statsmaktene
Stad: Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate 110, Oslo
Tid: Fredag 13. juni kl. 13.00–15.00

Program:

13.00     Konstituert nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold ynskjer velkomen

13.05     «Statsmaktene». Petter Rønningsen demonstrerer tenesta

13.25     Førsteamanuensis Arne Solli frå Universitetet i Bergen fortel om arbeidet med tenesta i foredraget «Frå ytste fortviling til mål?»

13.45     Pause med bollar og kaffe

14.05     Historikar og rådgjevar Marthe Hommerstad frå Stortingsarkivet greier ut om «Stortingsforhandlingane på nett sett frå Stortingsarkivet si side»

14.20     Professor Ola Mestad frå Universitetet i Oslo talar om «Tenesta sett frå eit juridisk og historisk brukarperspektiv»

14.40     Forskingsbibliotekar Ruth Hemstad held foredrag om «Politisk offentlegheit i Noreg i og etter 1814»

15.00     Høve til å vitje utstillinga «Nasjonale montasjar –norske bilete gjennom 200 år»

Lenkjer til portalane:
Nasjonalbiblioteket: Statsmaktene
Stortinget: Stortingsforhandlingar 1814–2001

Biletet øvst:
Foto: Stortinget

Viss du vil vite meir, kan du ta kontakt med:
Seksjonsleiar Svein Arne Brygfjeld, e-post: svein.brygfjeld@nb.no , tlf.: 75 12 12 72, mobil: 906 93 110

Forskingsbibliotekar Ruth Hemstad, e-post: ruth.hemstad@nb.no , telefon: 23 27 61 46, mobil: 934 37 312

Presseansvarleg Nina Bræin, e-post: nina.brain@nb.no , tlf.: 23 27 62 14, mobil: 951 50 912

 

Påmelding til Johanne.Ostad@nb.no

samlingen nettsidene