Politikk for fagutvikling og forsking

Føremål

Nasjonalbiblioteket skal vere ein del av forskingsinfrastrukturen i Noreg. Nasjonalbiblioteket skal leggje til rette for bruk av samlingane i noverande og framtidig forsking. Vi ønskjer å vere med på å heve omfanget av og nivået på forskinga som samlingane våre vert nytta i. Det gjeld utforsking av materialet til Nasjonalbiblioteket innanfor alle disiplinane og medietypane som samlingane omfattar. Nasjonalbiblioteket skal òg støtte aktivt opp om forsking og fagleg utvikling på fagområde som er viktige for eigen aktivitet.

Måla vert nådde ved å:

  • byggje opp, ordne og registrere, digitalisere og formidle samlingane ut frå forskingsbehov
  • utvikle fag- og forskingskompetansen til dei tilsette
  • drive metodeutvikling på bestemte felt
  • ha ein kontinuerleg dialog med forskingsinstitusjonar, enkeltforskarar og studentar
  • eksplisitt relatere eiga fagutvikling og forsking til internasjonal aktivitet

Samlingsarbeid og forskingsbruk
Måten som samlingsarbeidet ved Nasjonalbiblioteket vert utført på, er viktig for å sikre at samlingane vert utnytta optimalt for forsking på kort og lang sikt. For det første må ein tenkje nøye over oppbygginga av samlingane. Samlingspolitikken bør her gjere klart at det skal takast omsyn til noverande og framtidige forskingsbehov når ein byggjer opp samlingane. For det andre er det viktig å ordne og registrere samlingane på ein måte som legg til rette for forsking. Det gjeld med andre ord å skape tenlege metadata som aukar forskingsverdien av samlingane, og som er i tråd med forskingsmetodikken generelt. For det tredje skal digitaliseringa av samlingane dels òg vere retta mot forskingsbehov. Dette inneber at behova (t.d. forskingsmetodiske krav) skal vere innarbeidde som kriterium i digitaliseringspolitikken.
For det fjerde bør formidlinga av samlingane ha forskarsamfunnet som éi av fleire målgrupper. Vi skal med andre ord formidle samlingane også med fokus på forskingspotensialet dei ber i seg, og med forskarane som målgruppe.

Fag- og forskingskompetansen til dei tilsette
Høg fagkompetanse og samlingskunnskap blant dei tilsette tilfører samlingane ein viktig tilleggsverdi i samband med forsking. Nasjonalbiblioteket vil difor byggje ut denne kompetansen.

Kompetanseutviklinga bør skje på følgjande tre felt:

  • kunnskap om samlingane og samlingstypane
  • disiplinkompetanse på bestemte felt
  • eigen forskingskompetanse

Dei tilsette ved nasjonalbiblioteket skal vidareutvikle kunnskapen om samlingane. Dette gjeld både den overordna typologiske, mediebaserte eller sjangerbaserte kunnskapen, den inngåande kjennskapen til innhaldet i samlingane, og den historiske, materialbaserte eller kjeldekritisk funderte kunnskapen om einskilde objekt eller grupper av objekt innanfor samlingane.

Nasjonalbiblioteket skal for det andre vidareutvikle disiplinkompetansen på dei mest sentrale fagfelta som samlingane omfattar innanfor humaniora, samfunnsfag og naturvitskap. Det inneber at dei tilsette skal betre dei eigne faglege føresetnadene for å byggje ut, registrere, digitalisere og formidle samlingane. Eit anna viktig punkt er å vidareutvikle disiplinkompetansen innanfor kunnskapsorganisering og IKT. Dette vil hjelpe oss å setje aktuelle utfordringar på dagsordenen, og støtte aktivt opp om forskingsarbeid på relevante område i desse disiplinane.

Nasjonalbiblioteket skal for det tredje byggje vidare på den samla forskingskompetansen. Ein slik generell kompetanse gjer det enklare å gå inn i ein likeverdig dialog med forskarsamfunnet, og ta høgde for dei noverande og framtidige behova som dette samfunnet har med omsyn til samlingsarbeid, registrering, digitalisering og formidling. Forskingsoppgåvene må likevel vere knytte til det overordna målet om å utdjupe kunnskapen om samlingane og samlingstypane, og dessutan vere relatert til målet om vidareutvikling av den samla disiplinkompetansen. Forskingsbasert metodeutvikling kan vere aktuelt i enkelte tilfelle (sjå eige punkt).

Metodeutvikling
Dersom Nasjonalbiblioteket skal fungere som effektivt forskingsbibliotek, må samlingane leggjast til rette for forsking. Metodeutvikling er difor eit viktig fagleg fokus. Ei slik utvikling kan i enkelte tilfelle tenkjast å vere forskingsbasert. Metodane som vert nytta i arbeidet med kunnskapsorganisering, attfinning, konservering, digital bevaring, bibliografiarbeid og i skjeringspunktet mellom digitalisering, tradisjonell og digital kunnskapsorganisering og digital formidling, er særs viktige for kvaliteten på forskingsarbeidet som kan utførast med utgangspunkt i samlingane våre. Metodeutviklingsarbeidet skal tene fleire føremål, men det bør uansett vere viktig å ta omsyn til dei behova som forskarsamfunnet har for effektiv utnytting av samlinga.

Kontakt med forskarsamfunnet
Nasjonalbiblioteket skal vere ein del av forskingsinfrastrukturen i Noreg. Dette gjer det naudsynt å føre ein kontinuerleg dialog med forskingsinstitusjonar, enkeltforskarar og studentar. Nasjonalbiblioteket må vere synleg, og sørgje for at samlingane vert formidla til forskarsamfunnet på ein slik måte at forskarar og studentar ønskjer å nytte seg av det tilgjengelege materialet. Kontakten med forskarsamfunnet skal òg ta form av strategisk viktige samarbeidsprosjekt. Desse prosjekta kan vere av to slag: I den første typen prosjekt er vi med å leggje tilrette materiale for eksterne forskarar. I den andre typen prosjekt er tilsette ved Nasjonalbiblioteket aktive deltakarar med eiga forskingstid. Sistnemnde prosjekttype føreset at bidraga våre fell inn under fag- og forskingspolitikken vår.

Internasjonalisering
All fagutvikling og forsking ved Nasjonalbiblioteketskal skje med med vit om relevant internasjonal aktivitet på dei ulike felta. Dette gjeld både utviklingsaktivitet hos samanliknbare utanlandske institusjonar, utvikling av teknologi hos kommersielle leverandørar og aktuell forsking i andre relevante fagmiljø. Målet med ei slik medviten integrering av Nasjonalbiblioteket i eit internasjonalt faglandskap, er todelt. På den eine sida ønskjer vi å trekkje vekslar på utviklinga og innsikta som andre har oppnådd i sitt arbeid. På den andre sida vil vi gjerne nå ut med eigne resultat, og på den måten vere ein aktiv premissleverandør for eit internasjonalt fagfellesskap. Ei slik internasjonal integrering kan kome i stand blant anna gjennom deltaking ved internasjonale fagarrangement eller i samarbeidsfora.

samlingen nettsidene