Politikk for bibliotekutvikling

Føremål:
Nasjonalbiblioteket skal, med grunnlag i eigne tenester og erfaringar, ha eit spesielt ansvar for å bidra til å utvikle og styrkje biblioteka i Noreg som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar.
I rolla som statleg utviklingsorgan skal Nasjonalbiblioteket vere med på å forme og gjennomføre ein nasjonal bibliotekpolitikk både for dei enkelte folke- og fagbiblioteka, og på tvers av bibliotektypane.

Utviklinga av moderne, gode og relevante tenester tilpassa brukargruppene til biblioteka må skje på lokalplan og vere basert på identiteten og den lokale forankringa til kvart enkelt bibliotek.
Nasjonalbiblioteket vil leggje til rette fors amhandling mellom statleg, regionalt og lokalt nivå på bibliotekområdet. Ei vellukka vidareutvikling avheng av at biblioteka og eigarane av desse klarer å skape utviklingsprosessar  i institusjonane sine.

For å nå desse måla skal Nasjonalbiblioteket:

  • vere ein sentral infrastruktur for alle bibliotek
  • leggje til rette for bruk av digitalt innhald og utvikling av nye digitale tenester
  • utlyse og fordele prosjektmidlar innanfor prioriterte utviklingsområde for å stimulere til betre bibliotektenester
  • føre ein dialog med bibliotek og bibliotekeigarar
  • forvalte biblioteklova

Vere ein sentralinfrastruktur for alle bibliotek
Ved å fastsetje standardar på område som til dømes bibliografiskproduksjon, digitalisering og digital bevaring bidrar Nasjonalbiblioteket til ein felles infrastruktur for kvalitativt gode og effektive bibliotektenester som kan brukast om. Alle bibliotek får tilbod om å levere inn og bruke oppatt samlingar gjennom depotbiblioteket til Nasjonalbiblioteket.

Leggje til rette for bruk avdigitalt innhald og utvikling av nye digitale tenester
Nasjonalbiblioteket har som mål å digitalisere samlinga si. Avhengig av rettsstatusen vil andre bibliotek kunne bruke om att dette materialet for åutvikle eigne digitale tenester og formidlingstiltak. Nasjonalbiblioteket vil så langt som mogleg leggje tilrette for dette.

Utlyse og fordeleprosjektmidlar innanfor prioriterte utviklingsområde for å stimulere til betre bibliotektenester
Statsbudsjettet set av midlar til utviklingstiltak for biblioteka. Det dreier seg her både om midlar av generell karakter, og midlar til prioriterte område. Nasjonalbiblioteket utarbeider kriterium som skal sikre at utviklingsmidlane vert tildelte i tråd med intensjonen bak løyvingane, og sørgjer for at midlane vert nytta på ein måte som fremjar nye lokale tilbod og gjev erfaringar som andre bibliotek kan dra nytte av i arbeidet sitt.

Føre ein dialog med bibliotek og bibliotekeigarar
Tilrettelegginga for bibliotekutvikling må skje i dialog med biblioteka og bibliotekeigarane. Nasjonalbiblioteket skal etablere føremålstenlege fora for å ivareta denne dialogen på ein måte som skaper grunnlag for gjensidig forståing og forankring. Dialogen skal omhandle både utviklingsområda, og korleis ein skal nytte og fordele utviklingsmidlane.

samlingen nettsidene