Digitaliseringspolitikk

Føremål
Nasjonalbiblioteket har ein visjon om å fungere som nasjonal hugs ved å tilby eit multimedialt kunnskapssenter med fokus både på bevaring og formidling. For å oppfylle denne visjonen skal Nasjonalbiblioteket vere eit moderne digitalt nasjonalbibliotek. Dette representerer ein ny måte å vere nasjonalbibliotek på.

Brukarane skal få tilgjenge til eit stort mangfald av digitalt innhald der og når dei måtte ønskje det. Dette inneber at den digitale samlinga til Nasjonalbiblioteket skal vere synleg både i det digitale nasjonalbiblioteket og i andre populære tenester på Internett.

Samlinga vert digitalisert i samsvar med krava til langtidsbevaring av digitalt innhald, og Nasjonalbiblioteket etablerer dei naudsynte standardane for dette i samarbeid med internasjonale aktørar. Ved å leggje til metadata og varige identifikatorar for dei digitale objekta betrar ein høva til bevaring, bruk og ombruk i eit 1000-års-perspektiv. Nasjonalbiblioteket legg til rette for ein mangfaldig og variert bruk av innhaldet i samlinga. Innhaldet vert gjort tilgjengeleg i attraktive format.

Måla vert nådde ved å:

  • systematisk digitalisere heile samlinga til Nasjonalbiblioteket
  • digitalisere etterspurt materiale (on-demand)
  • inngå avtalar med utgjevarane om å få avlevert mest mogleg i digitale format
  • vere eit digitalt arkiv og ein sikker oppbevaringsstad for digitalt materiale som tilhøyrer Nasjonalbiblioteket eller andre kulturinstitusjonar
  • samarbeide økonomisk og fagleg med strategiske partnarar
  • gje tilgjenge til ein størst mogleg del av den norske kulturarva
  • inngå avtalar med rettshavarane om å gje tilgjenge til materiale som ikkje er offentleg eigedom
  • vere synleg via søkemotorar og relevante portalar
  • tilby ei moderne digital bibliotekteneste på nett

Digitalisering
Nasjonalbiblioteket gjennomfører ei systematisk digitalisering av heile samlinga. I tråd med pliktavleveringslova vert alt publisert materiale (uansett medium) avlevert. Samstundes blir samlinga utvikla gjennom strategiske kjøp og gåver. Den digitale samlinga til Nasjonalbiblioteket representerer eit mangfald av innhaldstypar frå mellomalderen fram til i dag.

I tillegg til den systematiske digitaliseringa vert det teke omsyn til førespurnader frå eksternt hald, i den grad desse fell saman med dei strategiske prioriteringane til Nasjonalbiblioteket. Det er viktigå utnytte det potensialet samlinga har i digitalt format. I den grad dagens teknologi tillet dette, kan brukarane søkje både i metadata og i innhaldet i samlinga.

Digital avlevering
I dag har stort sett alle utgjevarar ei digital utgåve av publikasjonane sine. Nasjonalbiblioteket jobbar for å få avlevert metadata og det digitale utgangspunktet for alle publikasjonane direkte frå utgjevaren. Ein utviklar soleis den fysiske samlinga samstundes som ein får lagt til digitalt innhald i høg kvalitet. Metadata direkte frå utgjevaren kan også effektivisere katalogiseringa av materialet, og gjere attfinning enklare.

Mange av dagens utgjevarar publiserer dessutan i eit digitalt format. Slike publikasjonar er omfatta av pliktavleveringslova og vert samla inn av Nasjonalbiblioteket. Dette vert gjort delvis ved direkte digital avlevering frå utgjevaren, og dels ved at Nasjonalbiblioteket sjølv jamleg samlar inn relevant materiale frå Internett.

Digital bevaring
Digitaliseringa og den digitale avleveringa vert gjort på ein måte som innfrir krava til digital bevaring, og Nasjonalbiblioteket etablerer dei naudsynte standardane for dette i samarbeid med internasjonale aktørar. Det digitale sikringsmagasinet til Nasjonalbiblioteket tek vare på den digitale samlinga i eit 1000-års-perspektiv. Ei storskalert løysing for digital bevaring er særs krevjande og kostesam å etablere og drive. Nasjonalbiblioteket arbeider målretta med å få til ei fleksibel og skalerbar løysing med høgtryggleik, god integritetskontroll, tilstrekkeleg kapasitet og moglegheiter for sikker migrering og konvertering av digitalt innhald ved behov. Dette krev at ein i tillegg har medarbeidarar med høg kompetanse både på digital bevaring og utvikling og drift av naudsynt infrastruktur.

Nasjonalbiblioteket tilbyr også bevaring av digitalt innhald frå andre kulturinstitusjonar i Noreg i samarbeid med Riksarkivet.

Strategisk samarbeid
Nasjonalbiblioteket etablerer nasjonale standardar for digitalisering av ulike typar materiale. Dette legg til rette for at Nasjonalbiblioteket kan inngå strategiske samarbeid i digitaliseringsarbeidet. Andre aktørar ønskjer av strategiske årsaker å digitalisere anten eigne utgjevingar eller delar av samlingane sine. Ei kostnadsdeling mellom Nasjonalbiblioteket og utgjevarane gjer det mogleg å halde eit høgare tempo i digitaliseringa, og ein klar standard for digitaliseringsarbeidet sikrar at Nasjonalbiblioteket kan dra nytte av digitaliseringsinnsatsen til andre.

Inngå avtalar
Digitalt innhald som er offentleg eigedom, skal gjerast tilgjengeleg for alle i det digitale bibliotek. Heile den digitale samlinga, inkludert opphavsrettsbeskytta materiale, er tilgjengelig for forsking og dokumentasjon i lokala til Nasjonalbiblioteket. Utover dette skal Nasjonalbiblioteket inngå avtalar med rettshavarane for å gje forskarar, studentar og andre brukarar av Nasjonalbiblioteket nettilgjenge til aktuelt materiale.

Vere tilgjengeleg der brukarane er
Nasjonalbiblioteket er til stades med metadata og digitalt innhald også i andre populære tenester på Internett. På den måten kan ein nå fram til brukarane i det miljøet dei sjølve føretrekkjer.
Strategien går ut på å tilby tenester som andre tenesteleverandørar enkelt kan integrere i sine eigne tenester, og generelt eksponere metadata og digitalt innhald for søkemotorar og andre tenestetilbydarar på Internett.

NBdigital – Det digitale nasjonalbiblioteket
Den samlingsbaserte formidlinga vil i aukande grad vere digital. Moglegheitene innanfor digital formidling blir stadig fleire. Nasjonalbiblioteket følgjer aktivt med på utviklinga for å tilpasse og ta i bruk nye formidlingsarenaar og metodar.

Eit samordna søk i norske bibliotekkatalogar vil forenkle tilgangen til bokstomnen i norske bibliotek. På same måte vil eit samordna søk i katalogane til Nasjonalbiblioteket gjere den tilhøyrande samlinga meir tilgjengeleg.

Det digitale nasjonalbiblioteket skal vere kjernen i eit norsk digitalt bibliotek. Dette inneber at store delar av den norske produksjonen av kultur og kunnskap sidan mellomalderen skal bli tilgjengelege i det digitale nasjonalbiblioteket. Denne kjernen, kombinert med supplerande samlingar frå andre institusjonar, vil utgjere det norske digitale biblioteket.

samlingen nettsidene