Bevaringspolitikk

Føremål:
Nasjonalbiblioteket har som overordna mål å forvalte den dynamisk veksande samlinga av norske kultur- og samfunnshistoriske kjelder på ein slik måte at både noverande og framtidige brukarar kan få glede av henne.Vi skal sørgje for at kjeldene får ei optimal levetid ut frå dei varierande rammene og bruksbehova. Dette gjeld både meiningsinnhaldet som kjeldene formidlar, og det fysiske mediet som innhaldet vert formidla gjennom. Det inneber at vi må jobbe med førebyggande bevaring, aktiv konservering og restaurering, og produksjon av surrogat. Vi vil vere eit nasjonalt kompetansesenter for bevaring av materialtypane som samlinga omfattar. Heile organisasjonen har ansvar for å sikre optimale bevaringstilhøve for samlinga.

For å nå desse måla skal Nasjonalbiblioteket:

  • vidareutvikle lagringssystem og infrastrukturar som sikrar bevaring og attfinning av fysisk og digitalt materiale
  • handtere og magasinere objekta i samlinga i tråd med retningsliner basert på internasjonale standardar og materialkunnskap
  • nytte metadata som grunnlag for å setje i verk og prioritere omfanget av bevaringstiltak
  • drive aktiv konservering og restaurering
  • sikre samlinga mot skadar og tjuveri
  • reprodusere kjeldemateriale i bevaringsaugneméd (lage surrogat)
  • utvikle og tilby fagkompetanse på bevaringsområdet
  • vere ein aktiv part i eit nasjonalt og internasjonalt bevaringsfagleg nettverk

Lagringssystem og infrastrukturar
Ein infrastruktur som sikrar god bevaring og attfinning, er naudsynt både for analogt og digitalt materiale. Når det gjeld analogt materiale, må infrastrukturen omfatte avspelings- og konverteringsutstyr i tillegg til klimaregulerte magasin med rutinar for tilgjenge og bruk.

Infrastrukturen for digitalt materiale skal omfatte datalager for digital langtidsbevaring, digitaliseringsutstyr som sikrar ein høg grad av autentisitet, løyper for digitalisering og digital avlevering, strukturar for logisk migrering og teknisk utstyr som gjev tilgjenge til dokumentinnhaldet i eit langtidsperspektiv.

Handtering og magasinering
Alle typar medium skal handterast og lagrast på ein slik måte at dei vert sikra optimal levetid. Det inneber at ein skal nytte internasjonale standardar og følgje tilrådde retningsliner som tek utgangspunkt i dokumentert materialkunnskap. Dei viktigaste faktorane for å gje materialet i NB lang levetid, er stabilt regulert klima innanfor dei tilrådde grenseverdiane, retningsliner for korleis ein minimerer slitasjen på originalmateriale, og bruk av avspelingsutstyr som er skånsamt mot objekta.

Metadata
Uansett materialtype er det viktig å ha tilstrekkeleg med metadata for å arkivere, finne att og ta vare på materialet. Val av nivå, mengde og system for metadata vert gjort med utgangspunkt i den bibliografiske planen.

Føremålet med bevaringsmetadata er å gje opplysningar om fysiske og tekniske kjenneteikn ved kjelda, slik at ettertida kan oppleve henne på same måte samtida. Bevaringsmetadata gjer det mogleg å lese eller spele av innhaldet, forstå den historiske bakgrunnen og konteksten, og setje i verk passande bevaringstiltak. For å sikre at bevaringsmetadata vert registrerte på eit forsvarleg nivå må ein fastsetje prosedyrar for alle materialtypane. Prosedyrane skal definere kor mykje og kva type bevaringsmetadata som trengs, og kva registreringssystem ein skal nytte.

Alle metadata, inkludert bevaringsmetadata skal vere sikra optimal levetid. Dette inneber at bevaringspolitikken også må omfatte metadata.

Aktiv konservering og restaurering
I enkelte tilfelle er materialet i så dårleg stand at det hindrar bruk. Tilstandsvurderingar og bruksbehov gir utgangspunkt for å setje i gong konserverings- og restaureringstiltak. Konserveringstiltak vert nytta for å forlenge levetida til materialet og opne for ein viss bruk. Restaureringstiltak inneber at ein tilbakefører materialet til ein tidlegare tilstand for å ta vare på meiningsinnhaldet og det estetiske uttrykket. Det er mogleg å restaurerebåde originalar og surrogat.

Konserveringa og restaureringa skal vere i tråd med internasjonalt etablerte etiske retningsliner. Alle gjennomførte konserverings- og restaureringstiltak skal dokumenterast.

Den fysiske sikkerheita til samlinga
Sikring mot skadar og tjuveri er ein viktig del av bevaringa i NB, og omfattar organisatorisk og teknisk tilgangsregulering, overvaking av materialet, vakthald og katastrofeplanar. Tryggingsnivået skal sikrast gjennom oppdaterte prosedyrar.

Produksjon av surrogat
Surrogat (kopiar) vert først og fremst laga for å forvare og formidle meiningsinnhaldet i ei kjelde. Denne løysinga vert nytta for kjelder der det fysiske mediet er i ferd med å bli øydelagt, der tilstanden er så dårleg at kjelda ikkje lenger toler bruk, eller der det ikkje lenger er mogleg å avkode mediet ved hjelp av ein vanleg lesar. Surrogatproduksjonen sikrar innhaldet i kjelda utover levetida til originalobjektet.

Ikkje all informasjonsverdien frå kjelda kan overførast til surrogatet. Sekundærinformasjonen ein kan lese ut av det fysiske originalobjektet, går alltid tapt. For å kompensere for dette informasjonstapet så godt som mogleg, er det viktig at reproduksjonsprosessen blir dokumentert i form av bevaringsmetadata.

Fagkompetanse
Dei av fagmiljøa i NB som har bevaring som særskilt ansvarsområde, skal halde eit høgt fagleg nivå og fungere som nasjonale kompetansesenter innanfor sine respektive felt. Vi skal i dialog med andre nasjonale og internasjonale aktørar ha eit særlig fokus på metodeutvikling innanfor konservering, restaurering og digital bevaring.

Nasjonalt og internasjonalt bevaringsfagleg nettverk
Vi ønskjer å delta aktivt i nasjonale og internasjonale nettverk for å byggje opp og dele bevaringsfagleg kompetanse. På bevaringsfeltet tilbyr vi tenester og kompetanse til kultur- og kunnskapssektoren.

samlingen nettsidene