Ledige stillingar

Du kan no søkje jobb i Nasjonalbiblioteket via rekrutteringsportalen vår. Framgangsmåten for å registrere CV og søknad er enkel.
Legg inn/ oppdater CV-en din her

Nasjonalbiblioteket er minnet vårt som nasjon, og fungerer som multimedialt kunnskapssenter. For å nå målet vårt om å bli eit av dei mest spanande og moderne nasjonalbiblioteka i Europa set vi fokus på fagleg utvikling og nettbasert kunnskaps- og kulturformidling gjennom det digitale biblioteket.
Nasjonalbiblioteket har 445 tilsette i Oslo og Mo i Rana, og opererer med eit budsjett på 562 mill kr.
Vi treng medarbeidarar som er nytenkande, fleksible, samarbeidsviljuge og resultatorienterte.

Som medarbeidar i Nasjonalbiblioteket får du:

  • vere med i den spanande prosessen med å forme ein sentral kulturinstitusjon i starten av det 21. hundreåret
  • ein engasjerande arbeidsplass i stadig utvikling

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje på stillingane.

samlingen nettsidene