Avtalar og samarbeid

Nasjonalbiblioteket har samarbeidspartnarar innanfor ulikeområde og prosjekt.

Kopinor
Bokhylla.no er eit samarbeidsprosjekt om nettilgong til norskpublisert litteratur, og er formalisert i ein avtale mellom Nasjonalbiblioteket og norske rettshavarar, representert av Kopinor. Tenesta kjem til å innehalde omlag 250 000 bøker når ho er komplett i 2017. Bøker frå heile 1900-talet fram til og med 2000 vert då tilgjengelege for alle med norsk IP-adresse. Brukarane har høve til å laste ned bøker som ikkje er opphavsrettsbeskytta.
Les avtalen mellom Kopinor og Nasjonalbiblioteket (pdf)

NRK
Nasjonalbiblioteket har sidan 2000 hatt eit strategisk samarbeid med NRK om å digitalisere NRK-arkiva. Avtalen omfattar også etablering og drift av eit arkiv for digital langtidsbevaring i det digitale sikringsmagasinet hos Nasjonalbiblioteket, og fortløpande bruk hos NRK.
28. februar 2013 signerte NRK og Nasjonalbiblioteket ein avtale som gjer Nasjonalbiblioteket rett til å publisere radioinnhald der NRK eig alle opphavs- utøvar- og produsentrettar. Programma skal berre gjerasttilgjengelige som streaming. Nasjonalbiblioteket arbeider no med å finne ei teknisk løysning for publiseringa.
Les avtalen mellom NRK og Nasjonalbiblioteket (pdf)

Aviser
Nasjonalbiblioteket har inngått avtalar med ei rekkje aviser om å digitalisere historiske avissamlingar og gjere dei tilgjengelege for ålmenta. Det er gjort avtalar både med landsdekkande, regionale og lokale aviser. Nasjonalbiblioteket eri kontinuerleg dialog med fleire andre aviser. Dette materialet blir gjort tilgjengeleg i norske bibliotek.
Se avtalen mellom Aftenposten og Nasjonalbiblioteket (pdf)

Jubileum
Nasjonalbiblioteket har ansvar for å vurdere og koordineremarkeringane av norske forfattarjubileum. Jubilea vert gjennomførde i samarbeid med relevante fagmiljø og institusjonar som Nasjonalbiblioteket engasjerer.

Fotobevaring
Nasjonalbiblioteket samarbeider her med tre instansar: Riksarkivet (nasjonalt ansvarleg for fotobevaring), Norsk kulturråd (har fotobevaring som satsingsområde i Kulturvern-programmet sitt) og Preus museum (det nasjonale museet for fotografi).

 

Internasjonalt samarbeid:

Europeana
Europeana er eit felleseuropeisk digitalt bibliotek organisert av European Library. Det europeiske digitale biblioteket synleggjer den europeiske kulturarven gjennom fleire millionar av digitaleobjekt på nettet. Nasjonalbiblioteket deltek i Europeana.

EFG                                                                  
European Film Gateway er ein nettportal som gir tilgang til digitalisert filmmateriale. Portalen er eit samarbeid mellom filmarkiv, bibliotek og cinematek i heile Europa. Nasjonalbiblioteket har ansvar for EFG i Noreg.

Beacon
Den internasjonale sensurdatabasen Beacon for Freedom of Expression inneheld omlag 50 000 referansar til sensurerte bøker, aviser, nettsider, TV- og radiosendingar, pluss litteratur om sensur og ytringsfridom. Nasjonalbiblioteket forvaltar Beacon for Freedom of Expression saman med eit internasjonalt styre.

Det europeiske prosjektet Daguerreobase

Nasjonalbiblioteket deltar i det europeiske prosjektet Daguerreobase , sammen med Universitetsbiblioteket i Bergen og 16 andre partnere fra hele Europa. Målet med prosjektet er å etablere en bildedatabase med over 25 000 daguerreotypier. Opplysninger og bildefiler fra denne basen skal også formidles via Europeana. Daguerreobase-prosjektet startet i 2012, og avsluttes i 2015. Prosjektet er delfinansiert av ICT Policy Support Programme (ICT PSP), som er en del av EUs stimuleringsprogram for innovasjon og konkurransedyktighet.

samlingen nettsidene