Kva vert digitalisert?

Nasjonalbiblioteket digitaliserer systematisk heile samlinga si. Pliktavleveringslova sikrar at alt som vert publisert i dei ulike mediane, vert avlevert til Nasjonalbiblioteket. I tillegg blir samlinga utvida gjennom kjøp og gåver. Den digitale samlinga inneheld materiale frå mellomalderen og fram til i dag. Materialet vert digitalisert for oppbevaring, og delar av det blir gjort tilgjengeleg. 

Digital avlevering
Parallelt med digitaliseringa av analogt materiale arbeider Nasjonalbiblioteket for å auke den digitale pliktavleveringa. Nasjonalbiblioteket ønskjer å få avlevert det digitale utgangspunktet for utgjevinga. På den måten vert samlinga utvida med digitalt innhald.
Digitaliseringsprogrammet starta i 2006, og ein reknar med at det vil ta 20–30 år før heile samlinga er digital.

samlingen nettsidene