14

okt

Revolusjonære tonar. Erling Sandmo om musikk og revolusjon

Laurdag 14. oktober kl. 14.00

Frå fridom, likskap og brorskap til fred, brød og jord. Det var ikkje berre i politikken dei nye framtidsretta ideologiane vann fram i åra frå den franske revolusjonen i 1789 til den russiske i 1917. Utover 1800-talet blei musikk ei individuell og sanseleg oppleving. Komponistane gjorde seg uavhengige av den politiske eliten, og musikken skulle ikkje lenger gje prakt og ære til makta, men forme og styrkje det sosiale fellesskapet mellom innbyggjarane. Dei politiske konfliktane i tida sette likevel djupare og større spor i musikken etter kvart som borgarskapet blei utfordra på fleire hald.

Historikar og musikkritikar Erling Sandmo fortel om musikken mellom to revolusjonar, frå Marseillaisen til Internasjonalen.

Arrangementet er ein del av serien «All makt til folket».

«Fred! Jord! Brød!» var blant Vladimir Lenins rungande slagord då han og bolsjevikpartiet la makta og framtida til Russland i hendene på folket i oktober 1917. Tsarveldets fall i februar innleidde den fyrste etappen i den revolusjonære kampen, som skulle bli ei av dei viktigaste hendingane i det 20. hundreåret. Både Russland og den vestlege verda utanfor var prega av krig og hungersnaud, og den russiske revolusjonen fekk stor innverknad langt utanfor landegrensene.

Nasjonalbiblioteket set i haust opp ein serie arrangement som ser nærare på dei ulike sidene ved revolusjonen, og på dei følgjene han fekk i Noreg og i verda.

 

02.09 | Brevet fra tsaren. Tor Bomann-Larsen om revolusjonen og kongehuset

14.10 | Revolusjonære tonar. Erling Sandmo om musikk og revolusjon

25.10 | Radikal kjærlighet. Kaja Schjerven Mollerin om Aleksandra Kollontaj og den nye tids seksualmoral

26.10 | Revolusjon, kjærlighet og jazz. Stumfilmkonsert med Nils Petter Molvær

02.11 | Arkivert: Russisk revolusjon. Aslak Sira Myhre, Erling Sandmo mfl.

06.11 | Skjebneåret 1917. Foredrag ved Tariq Ali

23.11 | En ny tid. Gerd Liv Valla om samfunn og arbeiderbevegelse i Norge etter 1917

samlingen nettsidene