03

juni

MOOC og digital læring

Tid: 03.06.2014
Sted: Auditorium 1080 i Stein Rokkans hus, UiB, Nygårdsgaten 5
Arrangør: Norsk fagbibliotekforening – avdeling Bergen

Omgrepet MOOC dukkar opp i stadig fleire samanhengar. MOOC er ein del av ei utvikling der stadig meir undervisning, pensum og læring vert flytta til digitale plattformar. Kva følgjer har denne utviklinga for høgare utdanning?
-    Kva er MOOC - eit motefenomen eller ei reell endring av høgare utdanning?  
-    Kva skil digital læring frå tradisjonell læring og kva nye kompetansar trengst?
-    Kva rolle kan biblioteka spele i denne utviklinga?

Foredragshaldarar:
Jon Hoem, fyrsteamanuensis ved Mediesenteret, HiB. Underviser i digital fotografering, multimedie-journalistikk og digital kompetanse.
Rune Krumsvik, professor og instituttleiar ved Institutt for pedagogikk, UiB. Forskingsgruppeleiar for forskingsgruppa Digitale læringsfellesskap.
Etter innlegga vil Marianne Johansen Huse, administrativ leiar for DigUiB-programmet, leie ein samtale mellom foredragshaldarane.

Program:
9.00-9.30 Morgonkaffi
9.30-11.30 Seminar
11.30 Lunsj

Deltakaravgift:
(lunsj og kaffi/te er inkludert)
Medlemmer av NFF: 150 kr.
Andre: 250 kr.
(meld deg inn for å få rabatt!)

Påmelding/innmelding til karin.bengtsson@imr.no innan 28. mai.
Følg oss på bloggen: http://bergenfagbibliotek.wordpress.com/

samlingen nettsidene