24

okt

Seminar om mellomalderballadar

Illustrasjon til balladen Lindormen 
Gerhard Munthe

Norsk visearkiv inviterer til seminar om mellomalderballadar, og jubileumsfest

I haust er det 30 år sidan Norsk visearkiv vart starta, og i dette høvet inviterer dei til seminar om mellomalderballadar på Nasjonalbiblioteket på dagtid og jubileumsfest på kvelden. Programmet byr på foredrag av Norsk visearkivs tilsette om vitskaplege arbeid med mellomalderballadar og problemstillingar knytta både til publisering, edisjonsfilologi, utøvarar og samlarar.  Ragnhild Furholt demonstrerer levande balladesong og i tillegg vert det innlegg frå nordiske forskarkollegaer om melodiar, forsking og framføring. 

Seminaret inkludert enkel lunsj kostar kr. 200,- (studentar: kr 150,-)
Jubileumsmiddagen etterpå kostar kr. 600,-. 
Det er begrensa med plassar. Påmelding til: liv@visearkivet.no  innan 5. oktober.
For meir informasjon, kontakt Liv Kreken på tlf (+47) 93434977

Fullstendig program finner du her

samlingen nettsidene