Ut i verda – Kjartan Fløgstad 70 år

Med konferansen Ut i verda. Fløgstad 70 år markerte Nasjonalbiblioteket eit av dei viktigaste forfattarskapane i vår tid. Som forfattar av romanar, essay og reportasjebøker har Kjartan Fløgstad fornya norsk litteratur og språk. Ingen annan norsk forfattar har skildra brytingane mellom industrikultur, informasjonssamfunn og den globale kapitalismen så konsekvent og perspektivrikt. Sentralt i Fløgstad sin forfattarskap står industristaden Sauda og sambandet mellom industriarbeid og sjømannsliv. Han ser ofte arbeidet ved smelteverket i lys av sjømannen sine opplevingar i latinamerikanske hamner. Slik blir skildringane hans av Sauda ei gransking av forholdet mellom Noreg og verda. Fløgstad har òg alltid vore ein skarp forsvarar av nynorsk, og i bøkene sine nyttar han språket på eit vis som er utan sidestykke i norsk litteraturhistorie. Med tittelen Ut i verda ville vi fange desse rørslene, om dei tek form av skiftarbeid i Sauda, reiser til Latin-Amerika eller av nye vendingar i språket.

Til konferansen 14. mai inviterte Nasjonalbiblioteket to kollegaer av jubilanten, Dag Solstad og Marit Eikemo, samt forskingsbibliotekarane Trond Haugen, Lars Johnsen og Marius Wulfsberg til å sjå på forfattarskapen frå ulike perspektiv med vekt på Fløgstad sitt nære forhold til Vestlandet, Latin-Amerika og nynorsk.

Sjå opptaka frå seminaret her:


Marit Eikemo:
«Forlatne utopiar»




Marius Wulfsberg:
«Ut i verden. Fra Sauda til Sør-Amerika»




Dag Solstad:
«Kort hilsen til Kjartan Fløgstad»




Trond Haugen og Lars Johnsen:
«Inn i språket. På jakt etter Fløgstads egenart»



samlingen nettsidene