Norsk visearkiv blir ein del av Nasjonalbiblioteket

Frå 1.1. 2014 blir drifta av Norsk visearkiv ein del av Nasjonalbiblioteket, og foreininga Norsk visearkiv vert avvikla rundt årsskiftet.

Velle Espeland har vore dagleg leiar ved Norsk visearkiv sidan oppstarten i 1982.

Frå 1. januar vil Norsk visearkiv høyre til Avdeling for forsking og formidling og inngå som del av ein nyetablert musikkseksjon ved Nasjonalbiblioteket.

- Dette inneber ei styrking og sikring av oppgåvene som til no har vore utført av Norsk visearkiv og eit viktig tilskott til den samla musikkompetansen i Nasjonalbiblioteket, sseier styreleiar Liv Kreken ved visearkivet og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein i ei felles fråsegn.

Oppgåver som i dag blir gjort av Norsk visearkiv vil vidareførast som del av Nasjonalbibliotekets satsingar og prioriteringar. Dette gjeld alle prosjekt og publikasjonar som dei tilsette ved arkivet arbeider med. Både visekatalogen.no og balladeprosjekta vil vidareførast i tråd med dei intensjonane og planane som ligg føre. 

Både Norsk visearkiv og Nasjonalbiblioteket ser på samlinga som ein styrking av det samla musikkfaglege miljøet. For Norsk visearkiv representerer det tilgang til ein større kompetansebase, mindre økonomisk sårbarheit og større moglegheit til langsiktig planlegging. For Nasjonalbiblioteket representerer det viktig sjangerkompetanse og ei utviding av oppgåvene med å ta vare på, og gi tilgang til ein samla kulturarv.

Publikum kan kontakte Norsk visearkiv på same måten som i dag. Det gjeld både den fysiske tilgangen i Nasjonalbiblioteket og den nettbaserte tilgangen gjennom arkivets nettstad .

samlingen nettsidene