Høg stemning på Aasen-seminaret i Nasjonalbiblioteket
14. november 2013
Av: Rebecca Boxler Ødegaard
 

Den 13. november markerte Nasjonalbiblioteket både 200-årsdagen for Ivar Aasen og arkivdagen (eigentleg den 9. november) med eit innhaldsrikt og godt besøkt seminar om Ivar Aasen: System i blomst. Med over 40 påmelde var det eit lydhøyrt og engasjert publikum som hadde funne plass i det såkalla Slottsbiblioteket.

Seminardeltakarane ser på Aasen-materiale

I alt kunne ein lytte til fire føredrag av stor fagleg variasjon. Her var det plass til både systematikaren, botanikaren, leksikografen, namnegranskaren og arkivskaparen Ivar Aasen.

Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum og Aasen-biograf, trekte opp dei store linene og viste mange døme på korleis Aasen heile livet var systematisk i alt han gjorde. Nasjonalbibliotekets forskingsbibliotekar Sara Östlund Nilsson sette botanikaren Aasen inn i ein vitskapshistorisk samanheng. Åse Wetås, direktør for Norsk Ordbok 2014, belyste Aasens pionerarbeid og unike posisjon innanfor leksikografi og framheva innsatsen hans for person- og stadnamnforskinga, og Nasjonalbibliotekets forskingsbibliotekar Rebecca Boxler Ødegaard presenterte Ivar Aasen-materiale i Nasjonalbiblioteket med utgangspunkt i hans etterlatne papir og brev.

Etter seminaret kunne seminardeltakarane beundre eit mangslunge Aasen-materiale i ei stor spesialutstilling i det auditoriet: både viktige og vakre publikasjonar, fotografi og postkort, teaterprogram og originale manuskript og brev. Det var stor interesse og mange spørsmål blant dei frammøtte, noko som tyder på at Ivar Aasen stadig overraskar og utfordrar.

samlingen nettsidene