•  
  • På denne dag:

    1937: Knut Hamsun skriver i et brev til Francis Bull at han har liten sans for de nye grensesprengerne i erotiske skildringer, som Rolf Stenersen og Lars Berg.

    Kilde

  •  
hansun-topper hansun-topper

Maria Tryti Vennerød: Ein siste heilagdom

1. august 2009 vart jubileumsframsyninga "Å Isak! Hamsun på tvers av tida" framført på Sognefjellet. Tekstane som danna utgangspunktet for framsyninga var skrivne av Herbjørg Wassmo, Vigdis Hjorth, Gro Dahle, Maria Tryti Vennerød og Hanne Ørstavik. De fem forfattarane utfordrar Hamsun og nobelverket hans "Markens grøde" med erotikk, dramatikk, politikk og ein god porsjon satire. Her kan du lese Maria Tryti Vennerød sitt bidrag "Ein siste heilagdom".



av Maria Tryti Vennerød


Hildegunn Hovde var solist på den andre nasjonale jubileumsmarkeringen i Hamsun-året, "Å Isak! Hamsun på tvers av tida" som ble spilt på Sognefjellet 1. august 2009.

Den lange stien over myrene og inn i skogen – kven har trakka opp den? Mannen, mennesket; dei første som var her. I byrjinga var dyra. Eitt og anna dyr følgde i spora til eit anna og gjorde spora tydlegare. Sidan kom menneska. Menneska snusa opp stien, trakka i spora og stiane flaut overalt. Slik vart stiane til. Slik vart vegane og plassane til; slik vart byane til i utmarka. Overalt i allmenningen vart det trakka, overalt i allmenningen som låg der og som ingen eigde; eit herrelaust land.

Kvinna kjem gåande mot nord. Ho ber på ein sekk, lik den første sekken, sekken er alt ho har att. Kvinna er grov, har nesten skjegg og små arr i ansiktet – tomter av sår, kjem dei frå arbeid eller strid? Kanskje kjem ho frå straff og vil gøyma seg, kanskje er ho fritenkjar og søkjer fred; iallfall så kjem her framleis eit menneske midt i enorme einsemda. Her er einsamt no. Her har vore trakka overalt – men no er her tomt.

Ho går og går, som er ho det siste mennesket, her er stilt for fuglar og dyr. Stundom seier ho: Å nei herregud! seier ho til seg sjølv. Ho kjem over myrene og mellom dyner av støv. Ho speidar ikring. Ho vandrar ikring og leitar, ho leitar etter kva? – ingen hugsar, ho undersøkjer men veit ikkje kva, ho går i sirkel, kjem attende til eigne spor – spora er overalt. Her har vore trakka overalt. Ho tek sekken og går igjen. Det varar heile dagen, ho ser sola gå ned og det blir natt og ho kastar seg på arm i lyngen. Lyngen er svart.

Om nokre timar går ho igjen, å ja Herregud! ho går igjen, rett mot nord, ser sola svart i det fjerne, ho held eit måltid av sukkervatn eller kva det er. Også i dag går ho vidare, er det sjølvopphaldingsdrift eller motsett? Er det dragning mot dommedag eller frelse? Å herregud! Ho går igjen, ho kjenner noko, ein vilje, ho hugsar ikkje etter kva men noko i ho jagar.

Ho basar gjennom oska, snublar men kjem seg på føtene att. Ingen ser ho der ho tørkar skiten frå auga, ingen ser at det er fånyttes fordi hendene er dekte av sot. Det sildrar i glinsande bekken. Irrgrøne sola stig opp og går ned. Svarte skyer mot gule himmelen og fargane gjer kvinna kvalm. Kva leitar ho etter, og hugsar ho at ho leitar? Ho kunne legga seg ned, kvifor gjer ho det ikkje. Kvifor gjev ho seg ikkje til giftige sumpen? Kvifor hjelper ho ikkje naturen og stikk hovudet i svovelpølen – det ville vore lett! Denne standhaftige viljen til ikkje å slutta å pusta. Denne underlege trongen til vidare! vidare! vidare. Ho vassar i gjørme. Myra slurpar etter føtene hennar, brune sola er låg og ho kastar seg på arm i stankhola – men så står ho opp att. Ho står opp.

Er det slik det er? Er det slik at ho kjenner seg heime i dette framande? Ja visst har her vore pløgd, plyndra og pult. Menneska har dyrka jordlappane sine, elska jordlappane sine og drepe for jordlappane sine. Fødsel – krig – fødsel – krig – slik har menneska halde på! – men no er her herrelaust og dødt. Er det slik det er, at ho endeleg kjenner sanning? At ho har kome til ein ørken av sanning, kanskje har ho ei kjensle av at Her! Her kan eg vera. Dette kan eg forstå. Alt er som det skal vera; her er dødt! Er det dødt her? eller er her berre fråver av liv, kanskje var her aldri liv; berre ørken! eller er det faktisk gift, er det gift som er her, gift som evnar å drepa?

Ho traskar gjennom støvet, om det er atomstøv eller meiningsløyse. Ho er åleine, denne kvinna, denne sterke senete kvinna, ingen ser senene lenger for ho er velfødd, feit; men ho er sterk! Ho toler einsemda godt. Ho heiter Maria. Ho er ikkje pen men ho heiter Maria, og ho har enno ikkje lagt seg til å døy.

Og endå er det slutt no, slutt på menneskesoga slik ho har kjent den – sekunda med skinn av sivilisasjon var i høgda eit sidesprang. Temperamentet var alltid det same. Etter det bar det rett ned att på utviklingsstigen; først kom englane, sidan demonane, og hakk i hel kom aper og amfibiar og no er det heilt tomt her. Her er så framandt! Som om ingenting var hendt.

Men noko er forandra; alt er forandra. Nokon var her – og gjekk! Berre Maria er igjen no, vi kallar ho Maria. No skal Maria døy – eller skal ho ikkje? Villmarka er ikkje lenger der ute, Maria må innover, Maria må venda inn! Før ho døyr skal Maria til sine inste marker. Der skal ho søkja den nøysemda og det sakrale rommet som menneskearten halsa seg ut av.

 

Ho ser seg over skuldra. Ho snur seg som om her framleis skulle kunne komma nokon bak ho. Her er ingen. Alt er dødt. Ho skal bort no, ho kjenner seg ikkje heime; ho flyktar vekk frå dette nedbomba og framande, desse farlege restane av noko som nesten var.

Ikkje forstyrr! ropar Maria – desse dynene av død, akkurat som at dei lokkar og kviskrar: Du er ein av oss, du må bli her med oss! Bli med oss, for du er del av oss. Lat meg vera, eg skal inn! svarar Maria. Andre stemmer kjem og tirrar med håp: Ikkje gje opp! seier stemmene, her er framleis noko for deg! Hald opp! svarar ho og skjeller på ein Gud som ikkje finst, men som tryglar ho om å tvila på døden. Denne trongen til å håpa! Denne nekten til å gje opp! Denne snikande kjensla av at alt ikkje er håplaust – midt i alt det gruvsame.

Maria kastar seg i sanden, febervarm og utmatta. Ho sveittar og sovnar, drøymer og fantaserer, først om menneske som plyndrar og puler kvarandre, seinare om heilagdom og jomfrufødslar, før ho vaknar og brekker seg. Desse gudane som tirrar med håp!

Innover og innover ligg dei her, stiane, allereie opptrakka men gløymde, stiar frå ei anna tid, ja så sanneleg! Som om nokon har gått her før! Etter dagar, veker og år snublar ho inn. Ho har sett lyset lenge, men no er ho her. Ho har kome fram. Det luktar av planter, dei fyller seg grådig med grønt. Det bognar i fukt og næring. Sjå no er ho her, i drivhuset sitt. Sjå, her var eit drivhus! Kva betre kunne Maria ønskja! Maria skal vera her åleine: Ja herregud! Som ein Noah på arken skal ho vera åleine, ho vera åleine, aldri meir skal menneska pløya, plyndra og pula hjartet hennar i bitar. Aldri meir skal ho opna døra for helvetesmarka der ute. Ho er åleine. Her skal ho vatna tomatar og kanskje meistrar ho også sitrus.


Tusenår med nedfallsfrukt som ingen har brydd om – og alt som Maria har trudd var ugras og nyttelause vekstar – alt dette som ingen har sett – som har falle til jorda og blitt dekka av bark – som ingen verdsette men sopte bort og dekka og kalla kompost! Maria tørkar ei tåre. Her kan ho vera. Ho legg seg i lyngen, i skog og beitemark, i grøne lier gjer ho seg klar. Haren bykser over elva og rypa spring opp ved føtene hennar og kveser når ho legg seg ned og spriker i blåbærlyng og tyttebær, sjutakka skogstjerne og småbregner.

Ho ligg og spriker; ho har kjent veene komma. Ho held seg fast i tjukke røtene og brøler så heile verda kan høyra det. Ut av kroppen hennar kjem det, eit mirakel som ifrå Gud! Ho løfter det opp, bit av strengen, blunkar ei tåre og legg det til brystet. Kven skulle trudd! Her midt i einsemda. Maria kjenner hjartet sprenga i lukke og geita sug av brystet hennar. Tenk, Maria har født eit kje! Ho takkar Gud; takk, Gud, for takksemda! Takk Gud, takk for at eg er takksam, for takksemd er vegen til lukka. Eg dyrkar mine eigne marker no. Her kan eg vera. No er eg komen heim.

Ho voggar kjeet i søvn, åra går, killingen veks og berre Maria og bukken er saman, saman i drivhuset, mellom lyng og palmer lever dei: dei syng songar og skapar nytt liv og let seg ikkje forstyrra av at drønna blir høgare dag for dag. Dag for dag, så høyrest det betre, utanfor drivhuset, at utanfor veggene så drønnar det og drønnar; men dei høyrer det ikkje. Gje faen i jævlane! ville dei ledd lukkeleg, viss dei høyrde, men i staden sug dei av kroppane til kvarandre og bryr seg ikkje om hordane av menneske som bankar på dørene, som riv i veggane og hoppar på taka deira, og som tryglar om å få komma inn: Takk for takksemda! Ropar dei. Takk Gud!

Gud svarar ikkje, men Maria er lukkeleg og let seg ikkje forstyrra; ikkje av rakettane, ikkje av granatane, ikkje av barnegråten, brøla eller klynka frå valdtekne kvinner. Ikkje av løgnene eller forbanningane eller ropa om hjelp; ikkje av alskens folkeutryddingar eller isbjørn som gjer sine siste brøl. Maria er takksam. Takk! Soppen veks på himmelen, dødsropa fyller universet og havet raudnar av blod – men Maria er lukkeleg. Her kan ho sova – her er ho varm; trygg. Ho rufsar bukken i skjegget og smiler av den stinkande anden hans. Han skrapar med hoven, men ho kviskrar i øyret hans og kysser: Roleg no bukken min. Alt er fred. Alt er fred. Alt er fred.

________________

Maria Tryti Vennerød (født i 1978 i Oslo, vokst opp i Sogndal og Førde) Debuterte i 2002på Norsk dramatikkfestival med Meir , og har siden blitt spilt blant annet på Det Norske Teatret, Sogn og Fjordane Teater og Teater Ibsen.Vennerød vant i 2003 den norsk-svenske dramakonkurransen arrangert i forbindelse med markeringen av Unionsoppløsningen i 2005, med Frank . Hun fikk Ibsenprisen i 2005for Dama i Luka .

Les tekstheftet "Å Isak! Hamsun på tvers av tida"

Se bilder fra forestillingen "Å Isak" Hamsun på tvers av tida"

Flere forfattermøter


De er altså ikke gift?
Nei, svarte han. Men jeg har jo ikke været helt uten motgang allikevel ...

Knut Hamsun: Stridende liv