Vigdis Hjorth vil møte Hamsuns Nagel i skogen. Han skulle ha gul dress, og dei skulle diskutere sjølvpsykologi.

Illustrasjon fra NB21, av Arne Nøst.
I Nasjonalbiblioteket sitt tidsskrift NB21 nr 2-2008 fekk fem forfattarar spørsmålet "Kva for ein romanfigur ville du ha møtt?" Vigdis Hjorth var ein av dei, og ho ville møtt Nagel frå Knut Hamsuns Mysterier.
Hjorth ville gjerne ha overraska Nagel på ein av turane hans i skogen, eller ved havgapet. Der skulle dei ha diskutert sjølvpsykologi. - Han snakkar om kor fortvila han er, at han blir riven sund. Kom og set deg her, ville eg ha sagt, så kan vi snakke om det, seier Hjorth i intervjuet.
Les heile intervjuet Sjølpsykologi og gul dress her . Teksten er skriven av Ingjerd Skrede.
Vigdis Hjorth er elles ei av dei fem kvinnelege forfattarane som har skrive om sitt syn på Hamsun og Markens grøde til det nasjonale jubileumsarrangementet i Lom/Vågå. Den 1. august kl 15.00 blir framsyninga "Å Isak! - Hamsun på tvers av tida" spelt på Sognefjellet. Scenografien vert det monumentale Sognefjellet med Fanaråken i bakgrunnen, og på scena blir det berre kvinner, alle kledde i gule kjolar.
Glæde er ikke moro.
Knut Hamsun: Markens grøde