1. august samlar om lag 100 kvinnelege koristar seg på Sognefjellet. Dette gigantiske kvinnekoret skal syngje, puste og lage lydar i framsyninga "Å Isak! Hamsun på tvers av tida". Alle damene skal vere kledde i gule kjolar, og til det treng vi di hjelp.

Foto: Marte-Kine Sandengen
Har du ein gul kjole du kan låne eller gje bort til framsyninga?
Alle storleikar, fasongar og fargenyansar av gult er av interesse. Ta kontakt med prosjektkoordinator i Lom/Vågå, Hildegunn Hovde, på hamsun.kor@live.com eller tlf. 951 58 068.
Korist?
Vi treng og frivillige songarar til kvinnekoret. Vil du vere med som korist i "Å Isak!" på Sognefjellet?
Ta kontakt med Hildegunn Hovde på hamsun.kor@live.com eller tlf. 951 58 068.
"Å Isak!"
"Å Isak! Hamsun på tvers av tida" er den andre av fire nasjonale markeringar av Knut Hamsun sitt 150-årsjubileum, og finn stad i Lom/Vågå laurdag 1. august.

Foto: Marte-Kine Sandengen
Teaterframsyninga tek utgangspunkt i romanen Markens grøde, som Hamsun fekk nobelprisen i litteratur for i 1920.
Fem kvinnelege, norske samtidsforfattarar har skrive kvar sin tekst med eit kvinneblikk på Hamsun og Markens grøde: Herbjørg Wassmo, Vigdis Hjorth, Hanne Ørstavik, Maria Tryti Vennerød og Gro Dahle. Dette er tekstgrunnlaget for teaterproduksjonen. Regi er ved Kjersti Horn/Riksteatret. Musikken vert komponert av Erik Hedin
Framsyninga blir ei "happening" som skal vera gratis for alle å sjå. Scenografien vert det monumentale Sognefjellet med Fanaråken i bakgrunnen, og på scena vil det berre vera kvinner, alle kledt i gule kjolar. Og din kjole kan være med å gjøre dette til ei stor kunstnarisk og estetisk oppleving du seint vil gløyme!
Les meir om teaterframsyninga "Å Isak! Hamsun på tvers av tida" i kalenderen.
Hør Hildegunn Hovde etterlyse sangere og kjoler på Det fikser P1 08.06.09 (ca 40 min ut i sendingen).
Når naturen frembringer chefer så yder den ikke alltid det høieste.
Knut Hamsun: Segelfoss by