"Eitt av høgdepunkta var da Zhang Fusheng frå The People’s Litterature Press presenterte dei fire første banda av Knut Hamsuns romanar på kinesisk, nå oversett direkte til kinesisk frå norsk." Torunn Kjøk rapporterer fra Hamsun-symposiet i Nanjing under Kinas markering av 150-årsjubileet.
Av Torunn Kjøk
Universitetet i Nanjing inviterte til Hamsun-symposium 4.–7. desember 2009. Arrangør var professor He Chengzhou ved Chinese-Nordic Cultural Centre.
Programmet starta fredag kveld med visning av Henning Carlsens film Sult frå 1966 for studentar og inviterte gjestar. Symposiet laurdag var innhaldsrikt med interessante foredrag. Frå Norge deltok Ståle Dingstad og Knut Brynhildsvoll frå Universitetet i Oslo. I tillegg deltok den norsk-amerikanske professoren Frederick Hale som nå er gjesteprofessor på Tsinghua University i Kina. Seks kinesiske professorar la fram interessant syn på fleire av Hamsuns romanar.
Frå Knut Hamsun-laget i Lom bidrog leiar Torunn Kjøk med innlegg om Knut Hamsun og hans sterke band til Lom, og nestleiar Leif Hamsun fortalde om somrane på Nørholm og las opp nobeltalen til Knut Hamsun.
Eitt av høgdepunkta var da Zhang Fusheng frå The People’s Litterature Press presenterte dei fire første banda av Knut Hamsuns romanar på kinesisk, nå oversett direkte til kinesisk frå norsk. Fleire av Knut Hamsuns romanar har tidlegare vore utgjeve på kinesisk, men da oversett frå fransk eller russisk. Zhang Fusheng fortalde oss at målet er å få oversett alle romanane og gje dei ut på kinesisk så fort han klarar å få finansiert prosjektet.
Søndag tok professor He Chengzhou oss med på rundtur i og rundt Nanjing, og vi opplevde ein fantastisk by med ei fleire tusen år gamal historie.
Vi vart mottekne som ”kongelege”, og hadde nokre fantastiske dagar i Nanjing.
Symposiet var støtta av Universitetet i Nanjing, Universitetet i Oslo og Det norske konsulatet i Shanghai. Og sist, men ikkje minst, fekk vi frå Knut Hamsun-laget i Lom støtte frå det globale kultursamarbeidsprosjektet til Utanriksdepartementet, noko vi er svært takksame for.
Vi hadde med oss fotograf Bård Bårdløkken frå Heidal som tok ei mengd bilde på turen.

Foto: Bård Bårdløkken
Professor He Chengzhou ved Chinese-Nordic Cultural Centre og Torunn Kjøk ved mausoleet til en av de første keiserne i Kina, mens Nanjing var hovedstad.

Foto: Bård Bårdløkken
Leif Hamsun og Knut Brynhildsvoll i den gamle bydelen i Nanjing.

Foto: Bård Bårdløkken
Ståle Dingstad, Knut Brynhildsvoll, He Chengzhou, Torunn Kjøk og Frederick Hale på utflukt i Nanjing.
Å nei man skal ikke gjøre seg for fin til å stå ut med livet!