1. august samlar om lag 100 kvinner seg på Sognefjellet for å vise framsyninga "Å Isak! Hamsun på tvers av tida". Nasjonalbiblioteket saman med Lom og Vågå kommunar har gleda av å invitere deg til Sognefjellet og den andre av fire nasjonale jubileumsframsyningar i høve 150-årsjubileet for Knut Hamsun sin fødsel.

Design: Anne Aune / Hei!
Sognefjellet fylles av kvinner i gule kjolar. Blant dei Ane Dahl Torp, Liv Bernhoft Osa og Marit Østbye. Ramma inn av fjell, korverk, fele, barnegråt og bylydar møter vi Markens grøde sett gjennom auga til fem framståande norske samtidsforfattarar.
Gro Dahle, Vigdis Hjorth, Maria Tryti Vennerød, Herbjørg Wassmo og Hanne Ørstavik blei inviterte til å koma med ein reaksjon på nobelprisromanen frå deira perspektiv som skrivande kvinner i 2009. Det er kjærleik, sarkasme og refleksjon. Regi er ved Kjersti Horn/Riksteatret. Musikken vert komponert av Erik Hedin.
Kom til vakre Gudbrandsdalen, der Hamsun vart fødd og levde dei første åra sine, og opplev dette storslagne møtet på tvers av tida! Sognefjellet 1. august klokka 15.00.
Les mer om "Å Isak! Hamsun på tvers av tida" i kalenderen
Last ned fullt program for 1. august og Hamsun-veka i Lom/Vågå 31. jul.–8.aug.
Om Markens grøde av Per Thomas Andersen.

Foto: Kjell S. Stålevik
Å nei man skal ikke gjøre seg for fin til å stå ut med livet!