
Ketil Born, NB
Ein stor del av det materialet ein får tilgang til i bibliotek er verna som åndsverk. Eit åndsverk er noko kunstnarleg som er menneskeskapt, og som ber preg av den personlege åndsinnsatsen som opphavspersonen la i verket. Eit åndsverk kan til dømes vere ei bok, eit musikkstykke, ei oversetjing, eit biletkunstverk eller eit teaterstykke. Lov om opphavsrett til åndsverk av 12. mai 1961 gjev den som skaper verket einerett til å råde verket så lenge det er verna. Vernet varer ut det året opphavspersonen døyr og 70 år til. Difor vert denne eineretten utøvd av arvingane til opphavspersonen etter at han/ho har gått bort.
Det å utøve eineretten til eit åndsverk betyr at opphavspersonen må gje samtykke dersom verket skal gjerast allment tilgjengeleg, eller viss det skal framstillast eksemplar av det. Det vanlege er at når opphavspersonen samtykkar til slik bruk, så krev han/ho eller nokon som har fått fullmakt til det eit vederlag for bruken. Difor er lov om opphavsrett til åndsverk viktig for å sikre eit levebrød for dei som lever av å skape verk.

I Lov om opphavsrett til åndsverk er det gjort ein del avgrensingar for å balansere opphavspersonen sin rett til å sikre seg eit vederlag for bruk. Desse avgrensingane er der for å ta omsyn til ein del samfunnsinteresser som i nokre tilfelle kan kome i konflikt med opphavspersonen sin einerett til verket. Slike samfunnsinteresser kan til dømes vere omsynet til utdanning og forsking, til funksjonshemma og til ålmenta sin tilgang til informasjon i bibliotek.
Det er viktig at dei tilsette i biblioteka har tilgang til god og korrekt informasjon om opphavsrett, slik at ein unngår at lovbrot skjer. Lov om opphavsrett til åndsverk gjev i noko omfang biblioteka høve til å gjere digitaliserte verk tilgjengelege frå terminalar i lokala sine. Digitalisering av samlingar reiser spørsmål som det er viktig å avklare for at formidlingsarbeidet i biblioteka skal vere i samsvar med norsk lov.
Juridisk stab ved Nasjonalbiblioteket har som mål å vere eit juridisk kompetansesenter for biblioteksektoren, og vi svarer på spørsmål og problemstillingar frå bibliotek innanfor dette feltet. I tillegg til opphavsrettslege spørsmål svarer vi og på spørsmål om pliktavlevering, personvern i bibliotek og generell avtalerett. Vi har og kompetanse i offentlege innkjøp, og kan gje bibliotek rettleiing innanfor dette området. Juridisk stab har ikkje høve til å føre saker for retten. Spørsmål frå andre og frå institusjonar innan ABM-sektoren som ikkje er bibliotek svarer vi på så langt vi har kapasitet.
Nasjonalbiblioteket har i samarbeid med ABM-utvikling gjeve ut ei rettleiing om opphavsrett og bibliotek:
På rett hylle med åndsverkloven - En veiledning i opphavsrett for arkiv, bibliotek og museum