Fag
Video


Videomaterialet i samlinga er i hovudsak pliktavlevert materiale anten frå norske kringkastarar eller videogram som er produserte for sal eller utlån.



I tillegg har vi videokopiar av alt restaurert filmmateriale, og video frå donerte samlingar.

Format
Det eksisterer ei stor mengd videoformat, sjølv om video ikkje har eksistert i meir enn knappe 50 år. Det er i dag to hovudtypar videoberarar: magnetband og optiske plater. Magnetbandbaserte berarar består av rullar og kassettar. Bandteknologien har òg utvikla seg gjennom stadig nye magnetpigment, frå dei første jernoksidstavane innbakt i banda til dagens ME-kassettar der reine jernpartiklar med korrosjonsvern er dampa på i eit vakuum. Filformat for bruk i datamaskinar eksisterer òg i myriadar.

Preventiv bevaring
Den delen av videomaterialet som finst på magnetband, kan vi sikre optimal levetid gjennom oppbevaring i tråd med internasjonale standardar. Det er utarbeidd slike standardar og tilrådingar både for arkivering og handtering av magnetband og optiske plater.

Kopiering
Kopiering av videoformat på kassettar eller opne rullar vil i dei aller fleste tilfella føre med seg degradering av originalsignalet gjennom eit forverra signal/støy-forhold. Degraderinga av signalet vil vere formatavhengig, heilt frå eit synleg førstegenerasjonstap i vhs-formatet til format som Digital Betacam der tapet ikkje blir synleg før vi kjem opp i fleire titals generasjonar kopiar.
Video som filformat skal ein ideelt sett kunne klone. Føresetnaden er likevel at ein kopierer til same familie av komprimeringsalgoritmar og held seg til same skjema for koding av fargeinformasjonen, for alle avvik reduserer kvaliteten.

Digitalisering
Filformat til bevaring for video er mpeg2, der vi har to variablar avhengig av originalmaterialet. Ved koding av filer blir signalet prosessert for å oppnå optimal kvalitet pr bit. Formidlingsfiler blir laga ut frå behov, og vi kan framstille dei fleste formata.

Kontakt
Seksjonsleder Lisbeth Johannessen



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.