Nasjonalbiblioteket har to sikringsmagasin i Mo i Rana. Vi har eit magasin som er bygd inn i fjell, og eit nitratfilmlager som av omsyn til brannsikring er lokalisert utanfor fjellet.
Formålet med magasina er å gi materialet best mogleg miljø for bevaring.
Klimaet er stabilt på 8 °C og med 35 % relativ fukt. Fjellmagasinet rommar 43 000 hyllemeter, som i dag er fylt om lag 40 % opp.
Temperaturen i fjellet er naturleg 8 °C, og inne i magasina har vi ein temperatur på rundt 9 °C. Magasina treng derfor inga oppvarming eller avkjøling. Klimaanlegget vårt sørgjer for at den relative fukta blir halden konstant på 35 %.
All luft, dvs. 16 000 m3, blir skifta kvar time. Den nye lufta som går inn i magasina, inneheld 90 % resirkulert og 10 % frisk luft. Lufta som går inn i de ulike romma er reinsa gjennom fire støvfilter, såkalla klasse EU-95-filter og til slutt eit filter med aktivt karbon. Nye gassundersøkingar viser at det ikkje er svoveldioksid, nitrogendioksid eller oson i lufta i magasinet. Kvart rom har kvart sitt separate luftinntak og luftuttak slik at gassar frå nedbrytning av ulike materiale ikkje skal påverke andre materiale i negativ retning.
Naudaggregat startar automatisk og sørgjer for energi ved straumbrot.
Bevaringsstrategien vår omfattar oppfølging av materiale i sikringsmagasina. Det inneber at vi følgjer opp klima, tilstanden til materiala, konservering og restaurering, tryggingstiltak mot katastrofar og restverdiberging, for å nemne noko. Vi svarar gjerne på spørsmål om sikring og magasinering.