Nitratfilmmagasinet vart ført opp i 1992, og med eit påbygg i 1997 vart kapasiteten meir enn dobla. Bygningen rommar den ekstremt brannfarlege nitratfilmen og dei like brannfarlege fotonegativa på nitratbase.
Magasinet har 36 celler som kan ta inntil 1500 kg film kvar. I tillegg kan akklimatiseringsrommet òg romme opptil 1500 kg.
Vi reknar med at dersom det tek til å brenne i ei av cellene, vil ho vere utbrend i løpet av få minutt. Materiale og utforming er derfor valde for å hindre spreiing av ein eventuell brann. Ikkje-brennbart materiale er nytta alle stader det har vore mogleg.
Branntrygginga består av brannsikre dører i kvar celle, ei "pipe" i kvar celle som kan ta av for ein eksplosjon og i tillegg brannvarslingssystem og sprinklaranlegg som skal kjøle ned veggane inn mot nabocellene.
Klimaet i magasinet skal liggje på 8 °C og 50 % relativ fukt. Luftskiftet ligg på om lag ein time.