Nasjonalbiblioteket har fire store magasin: tre tradisjonelle magasin som til saman rommar kring 100 000 hyllemeter og eitt automatlager med plass til 1,5 millionar bøker.
Dette magasinet er bygd inn i fjellet og skal bevare samlingar ved aktiv bruk av klimaregulering. Magasinet rommar 43 000 hyllemeter. Her tek vi vare på eitt sikringseksemplar av alt pliktavlevert materiale utgitt etter 1990 i tillegg til historiske samlingar av aviser, foto, musikk, spele- og dokumentarfilm, kringkasting og andre lydsamlingar
Nitratfilm er brannfarleg og blir oppbevart i eit eige spesialbygd magasin. Magasinet har kapasitet til 54 tonn film. I tillegg magasinerer vi òg fotografisk materiale på nitratbase og fonografrullar som inneheld nitrocellulose. Materialet gir frå seg nitrøse gassar og magasinet må derfor ha god ventilasjon.
Nasjonalbiblioteket har det første automatlageret for bibliotek i Norden. På verdsbasis er det berre ei handfull bibliotek som har teke i bruk denne lagringsteknologien, sjølv om det i næringslivet er ganske vanleg med denne løysinga for verksemder som stiller store krav til effektivitet og gjenfinning i lagra sine.
Magasinet er primært eit bruksmagasin, det vil seie at samlingane i magasinet er i dagleg bruk. Magasinet har 30 000 hyllemeter som husar ulike boksamlingar, tidsskrift, småtrykk, musikksamlingar og anna.