Både gamalt og nytt materiale blir reparert og kopiert i laboratoriet vårt.
Den eldste lydfestinga i Nasjonalbiblioteket si samling er ein voksrull frå kring 1900. Lydsamlinga inneheld i hovudsak norske utgjevingar og såkalla Norvegica extranea, utanlandske utgjevingar med norske utøvarar og/eller opphavspersonar. Vidare er mykje materiale private opptak, både folkemusikk og etnografisk relaterte innsamlingar. Pliktavlevert radio og det historiske arkivet frå NRK utgjør i tal på berarar den største delen av lydmaterialet.
Format
Lydfestingar finst på mekaniske, magnetiske og optiske berarar, og for dei to siste finst det både analoge og digitale variantar.
Mekaniske berarar er medium der informasjonen er mekanisk registrert som riller i eit materiale, til dømes voksrullar og LP-plater. Vi har òg mekaniske pianorullar, både ferdig innspelte og innspelbare.
Av magnetband er hovudtyngda på ¼”, men alle format finst, heilt opp til 2” 24 spors analogformat og 48 spors digitalopptak. Dei nyaste formata i samlingane våre er optiske plater, cd-ar, dvd-audio og sacd.
Preventiv bevaring
Lagringsforholda har stor innverknad på levetida til lydberarane. Både lagring og handtering av magnetband og optiske plater er spesifisert i internasjonale standardar og tilrådingar som vi følgjer.
Digitalisering
Kopiering av lydberarar frå eitt analogt medium til eit anna analogt medium er no utdatert. Ei slik kopiering degraderer originalsignalet, og i dag eksisterer det digitale format som kan representere dei analoge formata. Digitalisering av lyd gjer vi ved å bruke høgkvalitets analog-til-digital-omformarar som tryggjer overføring utan at digitale defektar oppstår.
Det er viktig at den digitale bevaringskopien inneheld ein så eksakt representasjon som mogleg av eventuell støy og/eller lyd valda av slitasje. Da kan brukarane i framtida nytte dei mest oppdaterte kunnskapane og algoritmane for å fjerne denne typen defektar. For kassettmedia kan digitalisering gå føre seg ved hjelp av robotløysingar.
Kontakt
Seksjonsleiar Lisbeth Johannessen