Fag
Fotografisk materiale


Stillbilete finst i mange samanhengar i Nasjonalbiblioteket si samling, frå stereoskopiar og glasplater, til moderne fargenegativ i storformat på emulsjonar med svært høg oppløysing.



Dette er materiale som dokumenterer Noreg i kvardag og fest, frå arbeidsliv til høgtider gjennom 150 år. Delar av dette er digitalisert og presentert i Galleri Nor og andre nettsider.

Format
Film består av sølvbasert emulsjon på eit gjennomlyseleg plastmateriale for negativ. For positiv er det glasbaserte emulsjonar eller emulsjon på papir-/papp-materiale, i tillegg til positivemulsjonar på plastmateriale for lysbilete. Emulsjonen kan vere laga anten for svart/kvitt eller farger. Svart/kvitt-materiale kan òg vere behandla for å få fram ein fargenyanse i biletet gjennom toning, ein metode der sølvet i emulsjonen blir erstatta av eit fargestoff. Digitale format for foto i Nasjonalbiblioteket er normalt anten tiff eller jpeg.

Preventiv bevaring
Eit stabilt tørt og kaldt klima utan ekstern luftforureining tryggjer optimal levetid for fotografisk materiale.

Kopiering
I Nasjonalbiblioteket tryggjer vi fotomateriale ved å produsere digitale kopiar. Teknologisk og praktisk er dette den enklaste metoden for å ta vare på fotografisk informasjon.

Digitalisering
Parametra for digitalisering blir styrt  av originalen, men bevaringsformatet vårt er ukomprimert tiff. Vi skannar både med fleirskotskamera, film- og rullskannarar. Høg oppløysing på farger er ekstremt viktig der bleiking av originalane krev korrigering av fargesjikta.

Kontakt
Seksjonsleiar Kjetil Iversen



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.