Den eldste filmen i samlinga til Nasjonalbiblioteket er ein film som viser eit panorama av Hammerfest i 1903. Elles inneheld filmsamlinga m.a. den nasjonale nitratfilmsamlinga og ein del nyare film, safetyfilm.
I tillegg har vi materiale frå uavhengige produsentar og filmselskap, i tillegg til opptak etter framståande personar som Helge Ingstad og Per Høst. Svært mykje av dette materialet er dokumentariske opptak som syner eit Noreg og ei verd som på drygt hundre år har endra seg kolossalt. Vi har òg store mengder mikrofilm som bevaringskopiar.
Format
Film består av emulsjon, som er beraren av bileta, på ein base av plastikkmateriale. Historisk har vi fire slike plastmateriale med spesifikke eigenskapar. Den eldste filmen er på ein base av nitratcellulose, eit svært brennbart materiale. Denne vart berre nytta til 35 mm film. Tidleg materiale på andre format, som 16 mm og 9,5 mm, er laga av di-acetat. I førstninga av 50-åra utvikla ein tri-acetat, og dette materialet tok heilt over for alle storleikar av film. Ut over i 80-åra tok ein til å nytte polyester som basemateriale for kinokopiar og duplikatemulsjonar i 16 mm- og 35 mm-samanheng. Fargefilmen kom ikkje for alvor inn på marknaden før midt på 50-åra, men vi har fargefilm i samlingane som er frå 1936 og framover. Frå tidleg på 30-talet får ein så lydspor på filmen, i fleire variantar der hovudskiljet går mellom ”variabel area” og ”variabel density” før filmen når den digitale tidsalderen og får digitale fleirsporsformat, anten koda på filmen som ”bilete” eller styrt frå ein innkopiert tidskode.
Preventiv bevaring
Ved at filmen blir lagra i tråd med internasjonale standardar, kan levetida til filmmaterialet bli vesentleg lengre. Disse standardane spesifiserer optimale arkivforhold for materiale på alle typar filmbase.
Kopiering
Det er tre ulike basisteknologiar knytt til filmprintarar: optisk step-printing, kontakt-step-printing og kontinuerleg kontakt-printing. Val av teknologi og maskin avheng av tilstand og format på originalmaterialet. Ved all kopiering tek ein vare på den originale biletstorleiken på sikringsmaterialet.
Digitalisering
I dag blir film digitalisert berre for tilgjengeleggjering. For å ta vare på informasjonen i ei filmrute, trengst det minst ei horisontal oppløysing som varierer frå 2000 pikslar og oppover til 4000 i så mange nivå som krev 16 bit for svart-kvitt eller 3×16 bit for fargefilm. Dette er teknologi som enno ikkje finst på marknaden for farger. Derfor er digital sikring av film framleis ein framtidsvisjon. Det er likevel ei kjensgjerning at fleire og fleire filmar i dag blir produserte digitalt, og masterkopien kan ein dermed pliktavlevere som digitale filer.
Kontakt:
Seksjonsleiar Inger Haagensen