Fag
Avlevering av tidsskrift




Det skal avleveres inntil sju eksemplar, men det kan vere aktuelt å be om færre. Utgjevar vil da få melding.

  • Utgjevar skal avlevere fem eksemplar.
  • Produsent (trykkjeri, kopisenter e.l.) skal avlevere to eksemplar.
  • Utgjevingane skal avleverast fortlaupande som ved eit vanleg abonnement.
  • Eksemplara som blir sende til Nasjonalbiblioteket, må vere i førsteklasses stand. Dette inneber god trykk og komplett sidetal. Det skal ikkje finnast adresselappar som hindrar lesing, korkje av overskrifter, dato- og nummerinformasjon, tekst eller annonsar.
  • Dokumenta skal avleverast utan vederlag.

Tidsskrifta blir registrerte i bibliotekbasen Bibsys. Nasjonalbiblioteket mottek tre eksemplar for sikring, fjernlån og til bruk på lesesal. Dei andre blir sende til universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Kontaktinformasjon:
E-post: Pliktavlevering
Tlf.: 75 12 13 16

Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.