- Døme på teatermateriale som skal avleverast: Manus, plakatar, program, brosjyrar, årsmeldingar.
- Totalt skal det avleverast seks eksemplar.
- Utgjevar skal avlevere fire eksemplar.
- Produsent (trykkjeri, kopisenter e.l.) skal avlevere to eksemplar. Dersom utgjevar får produsert dokumentet i utlandet, produserer det sjølv eller delar av dokumentet er framstilt av fleire produsentar, skal utgjevar avlevere alle seks eksemplara.
- Obs! Plakatar skal avleverast i to eksemplar.
- Dokumenta skal avleverast utan vederlag.
Pliktavleverte teatermanus blir berre nytta på lesesalane hos biblioteka. Dokumenta blir registrerte i bibliotekbasen Bibsys. Nasjonalbiblioteket tek vare på tre eksemplar for sikring, fjernlån og til bruk på lesesal. Dei andre blir sende til universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim og Bergen.
Kontaktinformasjon:
E-post:Pliktavlevering
Tlf.: 75 12 12 08
Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana