- Postkort skal avleverast i fem eksemplar.
- Andre typer kort som julekort, gratulasjonskort og oppmerksomhetskort avleverast i to eksemplar.
- Utgjevar skal levere tre og produsent to eksemplar.
- Er produsenten i utlandet, skal utgjevar levere alle fem eksemplara.
- Nasjonalbiblioteket tek vare på eitt eksemplar for sikring og eitt til lesesalbruk. Dei andre tre blir sende til universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim og Bergen.
- Dokumenta skal avleverast utan vederlag.
- Plakatar skal avleverast i to eksemplar. Produsent (trykkjeri, kopisenter e.l.) skal avlevere begge eksemplara.
- Dersom utgjevar får produsert dokumentet i utlandet eller produserer det sjølv, skal utgjevar avlevere to eksemplar.
- Dokumenta blir registrerte i ein eigen database. Nasjonalbiblioteket oppbevarer eitt eksemplar for sikring og eitt til bruk på lesesal.
Kontaktinformasjon:
Postkort
E-post: Pliktavlevering
Tlf.: 75 12 11 36
Plakater
E-post: Plakatsamlinga
Tlf.: 23 27 61 97
Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana