- Totalt skal det avleverast sju eksemplar. Sju er eit maksimumstal. Det kan vere aktuelt å be om færre. Utgjevar vil da få melding i kvart enkelt tilfelle.
- Utgjevar skal avlevere fem eksemplar.
- Produsenten (trykkjeri, kopisenter e.l.) skal avlevere to eksemplar.
- Dersom utgjevar får produsert dokumentet i utlandet, produserer det sjølv eller delar av dokumentet er framstilt av fleire produsentar, skal utgjevar avlevere alle sju eksemplara.
- Dokumenta skal avleverast utan vederlag.
Dokumenta blir registrerte i bibliotekbasen Bibsys. Nasjonalbiblioteket tek vare på tre eksemplar for sikring, fjernlån og til bruk på lesesal. Dei andre blir sende til universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.
Kontaktinformasjon:
E-post: Pliktavlevering
Tlf. bøker: 75 12 11 78
Tlf. tidsskrifter: 75 12 13 16
Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana