Fag
Avlevering av musikk

  • Nasjonalbiblioteket har i følgje Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument ansvar for å samle inn alle lydopptak utgjevne i Noreg.
  • Dette omfattar alle utgjevingar som er gjort allment tilgjengelege av norskregistrerte plateselskap, så vel som private utgjevingar.
  • Lydopptak blir i denne samanhengen definert uavhengig av medium og omfattar alt frå vinylplater, kassettar og cd-ar til digitale filer distribuert over nett.

Korleis skal det avleverast?

  • To eksemplar av alle utgjevingar skal sendast vederlagsfritt til Nasjonalbiblioteket.
  • Med kvart pliktavlevert lydopptak skal det følgje opplysningar om utgjevar (plateselskap), distributør og opphavsrettar.
  • For digitale filer distribuerte over nett vil vi tilby ulike løysingar for avlevering etter avtale eller i form av vevinnhausting.

Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana

Kva skjer med avleverte lydopptak?
Det eine eksemplaret blir oppbevart i Nasjonalbiblioteket sitt sikringsmagasin i Rana. Under optimale bevaringsforhold blir materialet sikra for ettertida.

  • Det andre eksemplaret blir nytta som publikumseksemplar i Norsk Musikksamling ved Nasjonalbiblioteket i Oslo. Dette eksemplaret blir ikkje lånt ut, men publikum kan lytte på det i eigne lytterom.
  • Alle avleverte lydopptak blir registrerte i nasjonaldiskografien, ei oversikt over norske utgjevingar som Nasjonalbiblioteket har utarbeidd frå 1990 og framover.

Kontaktinformasjon:

Brosjyre om pliktavlering av lydopptak (pdf-format)
Acrobat Reader lastar du ned gratis.

NB: Utgivere som leverer til Phonofile, se her for viktig informasjon!



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak