Fag
Avlevering av mikroformer




  • Totalt skal det avleverast sju eksemplar når det er ein originalpublikasjon
  • For parallell- eller sekundærpublikasjon av eit dokument på anna medium skal det avleverast tre eksemplar
  • Eitt av eksemplara skal ha ein kvalitet som høver for langtidslagring og kopiering
  • Avleveringseksemplara skal vere påført tekst for identifikasjon som ein kan lese utan hjelpemiddel. Teksten skal vere utforma etter internasjonal eller nasjonal standard
  • Utgjevar skal avlevere alle plikteksemplara
  • Dokumenta skal avleverast utan vederlag

Dokumenta blir registrerte i bibliotekbasen Bibsys. Nasjonalbiblioteket tek vare på tre eksemplar for sikring, fjernlån og til bruk på lesesal. Dei andre blir sende til universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Kontaktinformasjon:
E-post: Pliktavlevering
Tlf.: 75 12 11 24

Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.