Fag
Avlevering av kombinerte dokument




Eit kombinert dokument er definert som eit dokument som er sett i hop av fleire delar og i ulike medium som til saman utgjer ein heilskap. Det kan t.d. vere ein læremiddelpakke som består av ei bok og ein cd, eller ei bok og ein diskett.

  • For avlevering av kombinerte dokument gjeld følgjande: Utgjevar skal avlevere to komplette eksemplar.
  • Dersom ein av delane består av papir, mikroformer eller fotografi, skal utgjevaren i tillegg avlevere fem eksemplar av desse.
  • Fordi dokumentet skal bli bevart over all tid, er det viktig at eitt av dei innsende eksemplara er utan kopisperre. Nasjonalbiblioteket kopierer berre for bevaring.
  • Dokumenta skal avleverast utan vederlag.

Dokumenta blir registrerte i databasen Bibsys. Eitt komplett eksemplar blir oppbevart i eit sikringsmagasin, og eitt blir tilgjengeleg på lesesal. Papirdokumenta blir sende til Universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo, og Nasjonalbiblioteket tek vare på eitt eksemplar for fjernlån.

Kontaktinformasjon:
E-post: Pliktavlevering
Tlf.: 75 12 11 78

Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.