Den digitale kulturarva er ei av dei aller viktigaste kjeldene til informasjon om vår tid, og bevaring av den er ei viktig oppgåve for Nasjonalbiblioteket. Avleveringsplikta gjeld også for publikasjonar som blir publisert på Internett.
Nasjonalbiblioteket haustar inn norske nettsider regelmessig. Meir informasjon om våre eigne innhaustingar finn du her.
Mange utgivarar legg også ut enkeltdokument, som til dømes e-bøker, rapportar og tidsskrift, på nettet. Desse skal også avleverast til Nasjonalbiblioteket.
Pliktavleveringslova seier at publikasjonar skal avleverast i den forma dei blir gjort allment tilgjengelege. Det betyr i praksis at utgivarar ikkje skal trykke opp eksemplar berre for avleveringa dersom dokumentet publiserast på Internett. Då er det fila som skal avleverast.
Dersom du har publisert ein publikasjon på Internett, kan du sende ein e-post til adressa pliktavlevering@nb.no. E-posten bør omfatte opplysning om dokumentets tittel, utgivar og plassering på nettet (URL). Dersom fila ligg ope tilgjengeleg på nettet er det ikkje nødvendig å sende den til oss. Vi kan også bruke ftp dersom det skulle være aktuelt.
Vi ber om at dei institusjonane som er med i BIBSYS-samarbeidet registrerer publikasjonar dei sjølve gir ut i BIBSYS, før avlevering.
CD-ar, DVD-ar og liknande
Elektroniske publikasjonar som blir gitt ut på fysiske lagringsformat, som til dømes CD, DVD, digibok eller liknande, er også avleveringspliktige dersom dei er spreidd utover en privat krets og dersom dei er framstilte i meir enn 50 eksemplar.
CD-ar og DVD-ar skal avleverast i to eksemplar av utgivar. Dersom den elektroniske publikasjonen blir gitt ut saman med ein publikasjon på papir, til dømes som vedlegg til ei lærebok, skal det avleverast to komplette eksemplar og fem eksemplar av papirdelen.
For å lette langtidsbevaring av publikasjonane føretrekk vi eksemplar utan kopisperre der det er mogleg. Nasjonalbiblioteket kopierer berre for bevaring.