Pliktavleveringslova
Pliktavlevering av allment tilgjengelege dokument er hverken noko særnorsk eller nytt fenomen, sjølv om den gjeldande lova om avleveringsplikt frå 1989 verka til å synleggjera temaet på ein ny måte.
Ser ein historisk på pliktavlevering, kan ein gå attende til Johan Gutenberg og oppfinninga av trykkekunsten midt på 1400-talet. Dette var ein kulturrevolusjon, som endra tilgangen til mangfaldiggjering av det skrivne ord. Trykte bøker var frå første stund handelsvare og trykkekunsten spreidde seg raskt. Det var tett samanheng mellom teknologi og kapital. I 1480 var det trykkeri i meir enn 110 europeiske byar. Det er registert ca. 40 000 titlar/bøker, som er gitt ut før år 1500. Desse utgivingane vert kalla inkunablar (av det latinske ordet inkunabel: vogge)
Under kong Frans 1. i Frankrike kom den første pliktavleveringslova i 1537. Alle boktrykkarar skulle levera utan vederlag 1 eksemplar av kvar bok dei trykte til kongens bibliotek. Biblioteket skulle vera eit monument over regjeringstida til kongen, dessutan ville også bøkene finnast om dei forsvann frå marknaden. Men sjølvsagt var også sensur eit motiv bak ordninga. Liknande lover kom etterkvart i andre europeiske land. Den første danske lova kom i 1697, Sverige hadde tilsvarande lov frå 1661 og England frå 1662. Det var dei kongelege biblioteka som tok vare på det pliktavleverte materialet, og såleis dannar desse i mange lange land kjernen i nasjonalbiblioteket.
I 1781 vart den danske avleveringsplikta utvida til å også gjelda dei norske trykkeria. Avleveringa skulle skje til Det kgl. Bibliotek i København. I 1811 vart det oppretta eit eige norsk universitet i Christiania. Pliktavleveringa gjekk stadig til København, men fall naturlegvis bort då unionen med Danmark vart oppløyst i 1814. Det vart ikkje oppretta noko sjølvstendig norsk nasjonalbibliotek etter unionsoppløysinga. 21. februar 1815 kom det ein kongeleg resolusjon som påla norske boktrykkarar å avlevera 3 eksemplar av kvart trykk; 1 skulle sendast til den norske legasjon i Stockholm, 1 til Universitetsbiblioteket og 1 til politidepartementet i Christiania. Her ser ein sensurmotivet bak avleveringa, men gradvis forfall pliktavleveringa m.a. som ei følge av nye handverkslover, og mellom 1840 og 1882 var det knapt pliktavlevering i Norge.
1882 markerer eit vendepunkt for pliktavlevering i Norge. Overbibliotekar A.C. Drolsum ved Universitetsbiblioteket var oppteken av at UB også de facto var Norges nasjonalbibliotek. Det var difor viktig at det som vart trykt i landet vart teke vare på. Drolsums innsats resulterte i at det kom ei ny lov om pliktavlevering, og at det vart skipa ein eigen norsk avdeling i Universitetsbiblioteket for å synleggjera den norske produksjonen.
Lova frå 1882 varde fram til 1939, då det kom ei ny lov som også gav rekvisisjonsrett til biblioteka ved Bergens Museum og Kgl. videnskabers museum i Trondheim. Etterkvart utvikla desse institusjonane seg til å bli universitetsbiblioteka i Bergen og Trondheim. Og i tillegg kom også det nye universitetet i Tromsø med sitt bibliotek. I tillegg var også dokumentbegrepet utvida til å omfatta meir enn det trykte materialet som tradisjonelt hadde lagt i nemninga.
Det var behov for ei ny lov for å vera i takt med utviklinga. Dobbeltfunksjonen til UBO som både nasjonalbibliotek og universitetsbibliotek var heller ikkje optimal. Dette enda med den nye lova om pliktavlevering i 1989 og etableringa av Nasjonalbiblioteket, avdelinga Rana til å handtera lova.