Fag
Avlevering av papirdokument




  • Totalt skal det avleverast sju eksemplar. Sju er eit maksimumstal. Det kan vere aktuelt å be om færre. Utgjevar vil da få melding i kvart enkelt tilfelle.
  • Utgjevar skal avlevere fem eksemplar.
  • Produsenten (trykkjeri, kopisenter e.l.) skal avlevere to eksemplar.
  • Dersom utgjevar får produsert dokumentet i utlandet, produserer det sjølv eller delar av dokumentet er framstilt av fleire produsentar, skal utgjevar avlevere alle sju eksemplara.
  • Dokumenta skal avleverast utan vederlag.

Dokumenta blir registrerte i bibliotekbasen Bibsys. Nasjonalbiblioteket tek vare på tre eksemplar for sikring, fjernlån og til bruk på lesesal. Dei andre blir sende til universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Kontaktinformasjon:
E-post: Pliktavlevering
Tlf. bøker: 75 12 11 78
Tlf. tidsskrifter: 75 12 13 16

Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.