Fag
Avlevering av fotografi




  • Fotografi som er mangfaldiggjorte i meir enn 500 eksemplar, skal avleverast. Med fotografi meiner vi kopieksemplaret av fotografi - både positivbilete, negativ og lysbilete - og ikkje originalfilmen.
  • Totalt skal det avleverast sju eksemplar.
  • Utgjevar skal avlevere fem eksemplar.
  • Produsent skal avlevere to eksemplar.
  • Det skal følgje med opplysningar om fotograf, eigar og andre som har opphavsrettar, motiv, tid og stad for opptak og i kva samanheng fotografia vart tekne.
  • Dokumenta skal avleverast utan vederlag.

Nasjonalbiblioteket tek vare på tre eksemplar for sikring, fjernlån og til bruk på lesesal. Dei andre blir sende til universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Kontaktinformasjon:
E-post: Fotoarkivet
Tlf.: 75 12 12 02

Adresse for innsending:
Nasjonalbiblioteket
Pliktavlevering
8607 Mo i Rana



Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak
 
Nasjonalbiblioteket ligg ikkje langt frå sentrum av byen.