bjornson-topper bjornson-topper

Du hugsar vel breva?


Av Arnhild Skre


14.05.2010 11:12

Finst det ein Bjørnstjerne som verkeleg har noko å melda til vår tid, så må det vera brevskrivaren Bjørnson.


Amalie Skram - (1846 - 1905)

For du hugsar vel breva? Dei personlege, handskrivne på fint papir – frå ein nær person til ein annan. Eller frå ein som ikkje var så nær til å begynna med, men som blei det nettopp på grunn av det spesielle møtet som oppsto – og kanskje framleis kan oppstå – ved skriving og lesing av brev.

Vennskapen mellom Amalie Skram og Bjørnstjerne Bjørnson for eksempel. Ho skreiv til han om ei bok, og åpna ei brevveksling som varte i over tjuefem år. Med brot, også dei på grunn av brev. Fordi dei ærlege, åpenhjarta breva av og til blei for ærlege.

Amalie Skram var ved det første brevet ein wannabe, og Bjørnstjerne Bjørnson var den store forfattaren i samtida, politikar og samfunnsdebattant. Men i dette Bjørnson-året er det også verdt å bruka nokre minutt på å hugsa kor stor brevskrivar han var. Enkelte hevdar han skreiv 30 000 brev. Har dei rett, må han ha skrive halvanna brev kvar dag i heile sitt vaksne liv.

Og Bjørnson-breva var ikkje korte meldingar av typen: ”Sit på bussen. Heime rundt ni.”

Eller: ”Wascjhera? Her berre regnar og regnar det.”

Bjørnsons brev var oftast laaange. Intense, men likevel verkar dei impulsive, og av og til ubetenksame. Han spegla tida, slik ein god brevskrivar skal. Men sjøl Bjørnson synda av og til mot eitt anna av brevskrivingas kvalitetsmål:

Den gode brevskrivaren har alltid den eine mottakaren i tankane.

Det hadde Bjørnson rett som det var, forunderleg nok, så full av seg sjøl som han elles verkar. Han viste uro og omtanke for den fråskilde Amalie som ville gifta seg opp att med diktaren Erik Skram. Men då den same fru Skram debuterte som romanforfattar, miste brevvennen på Aulestad fullstendig hovudet:

”At du ga deg til å skrive en bok har harmet meg. At du fik lov at gi den ut af din man, har ærgret og skuffet mig,” skreiv han då ho kom med romanen Constance Ring. Trudde han at ho var forfattar, ja, då hadde han fortalt henne det!

Finst det svar til slikt? Amalie Skram braut sjølsagt all kontakt. Brotet varte i seks år og då var det Bjørnson som ba om godt vêr, men Amalie Skram skaffa seg ikkje for ingenting eit rykte som ein uvanleg ærleg brevskrivar. Ho let ikkje diktarhøvdingen sleppa så lett:

”Det var dog for meg en så uhyre vigtig begivenhet,” skreiv ho ”at jeg havde fåt sendt den store bog ut i verden, og du – for mig, min bedste, min eneste ubetinget skyhøye ven. Du havde ikke andet end skjænd til mig. Og så skrev du: Jeg har ikke læst bogen og agter heller ikke at gjøre det! Dette blev efterhånden til en hjerteløs råhed fra din side.”

Amalie Skram gav Bjørnson inn, han tok det og brevsamlinga hans gir oss som elskar å lesa andres brev, eit unikt innblikk i diktarhøvdingens tenkemåte, type og temperament.

For kva slags menneske var Bjørnson? Han var voldsom, ja, han var for mykje av alt, skal eg tru Edvard Hoem som i haust gav ut første del av Bjørnson-biografien sin og for tida er så vidt å skimta bak haugane av Bjørnson-brev i arbeidet med andre bind i Nasjonalbibliotekets handskriftsamling.

Vi er mange som brukar time på time, dag på dag i slike samlingar i Nasjonalbiblioteka i Oslo, Stockholm, København og andre plassar der brev etter kjende og ukjende personar blir henta opp til oss. Og så les vi under strengt vakthald av minst to personar. For dette er relikviar, og handskriftsamlingane er tempel, om ikkje nødvendigvis for tilbeding.

Her dyrkar vi kunnskap, refleksjon, men også herleg vulgær nysgjerrigheit. Og vi hentar kunnskap så unik at eg merkar spørsmålet gneg:

Kva kjem vår taste- og kastetid til å kunna å bidra med?


Share

Bjørnson i media